Tag Archives: leder IT Bergen

Seksjonssjef – Digital utvikling

Havforskingsinstituttet (HI) er eitt av dei største marine forskingsinstitutta i Europa, med vel tusen tilsette og ei rekkje forskingsfasilitetar og laboratorium av høg internasjonal standard. Hovudaktivitetane våre er forsking, rådgjeving og overvaking. Havforskingsinstituttet eig og driv seks forskingsfartøy. Hovudkontoret vårt ligg i Bergen. Vi har også avdeling i Tromsø, og forskingsstasjonar i Matre, Austevoll og Flødevigen.

Havforskingsinstituttet skal vere ein leiande kunnskapsleverandør for å sikre ei bærekraftig forvalting av ressursane i dei marine økosystema, både nasjonalt og internasjonalt, og for heile kjeda frå hav til mat, inkludert det marine miljøet, fiskeernæring og trygg og sunn sjømat.

Seksjonssjef – Digital utvikling

Ønskjer du å jobbe med stordata, maskinlæring og digitalisering i ein av Europas leiande forskingsinstitusjonar?

Havforskingsinstituttet søkjer ein dyktig og engasjert leiar for vår digitale utvikling i ei heilt nyoppretta stilling med store utviklings- og påvirkningsmoglegheiter. Vi styrker satsinga vår på digitalisering og oppretter ein eigen seksjon med fokus på digital utvikling.

Stillinga rapporterer til avdelingsdirektør for digitalisering, HI Digital.

Om seksjonen

Seksjonssjef Digital utvikling vil vera personalleiar for ein ny seksjon i vekst. Seksjonen vil verta bemanna både med personell frå eksisterande avdelingar og nyrekruttering.

Instituttet er avhengig av moderne, fungerande og formålstenlege IKT-løysingar for å kunna levera gode tenester og forsking. Instituttet ønskjer å bruka moglegheitene som ligg i digitale løysingar og teknologi, til både å utvikla nye tenester og å betra eksisterande tenester.

Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåvene vil vera å leia seksjonen, og styra utvikling av seksjonen sine ansvars- og fagområde. Stillinga vil vera ein viktig premissleverandør og rådgjevar for bruk av IKT ved instituttet. Det inneber mellom anna å:

  • Leia, motivera og koordinera seksjonens medarbeidarar
  • Bidra til god samhandling med andre seksjonar og instituttet generelt
  • Vera ein strategisk pådrivar og premissleverandør m.o.t. heilskapleg strategisk utvikling av digitale tenester
  • Styra seksjonen sin utvikling av tenestene i samsvar med brukarane sine behov og prioriteringar
  • Sikra ei kostnadseffektiv organisering og drift
  • Samarbeida aktivt med brukarar av dei ulike tenestene, systemeigarar og andre eksterne etatar for å sikra gode brukaropplevingar og brukarvenlege løysingar
  • Ta i vare informasjonstryggleik i utvikling og drift
  • Vera ein pådrivar for å ta i bruk tenlege digitale verktøy i arbeidsprosessar

Kvalifikasjonskrav:

  • Relevant, fortrinnsvis høgare akademisk utdanning frå høgskule/universitet, ev. lågare akademisk utdanning tilsvarande bachelorgrad
  • Omfattande, relevant arbeidserfaring  kan kompensera for utdanningskravet
  • Leiarerfaring
  • Må meistre norsk og engelsk flytande, både skriftleg og munnleg
  • Bør ha erfaring med leiing innan fagområdet
  • Bør ha brei erfaring frå arbeid med arkitektur og løysingar på ulike systemplattformer
  • Bør ha erfaring frå bruk av standardar for utviklingsarbeid og kjennskap til standardar for styring av informasjonstryggleik
  • Evne til å kommunisera, lytta og motivera tilsette vektleggjast

Ønskjeleg kompetanse:

  • Erfaring frå offentleg forvaltning eller større verksemder
  • Erfaring med leiing av prosjekt- og utviklingsarbeid innan fagområdet
  • Erfaring frå smidig utviklingsmetodikk, t.d. SCRUM/KANBAN, Teamorganisering og Testdreven utvikling

Personlege eigenskaper

Personlige eigenskapar vil verta tillagt stor vekt. Me søkjer kandidatar med gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar som meistrar å arbeida strukturert og målretta, og som er løysingsorientert og har gjennomføringskraft.

Vi tilbyr:

  • Arbeid i ein av Europas leiande forskingsinstitusjonar, med stor samfunnsmessig relevans
  • Eit spanande og solid fagmiljø
  • Godt arbeidsmiljø
  • Lokaler sentralt i Bergen
  • Fleksitidsordning, med sommar- og vintertid
  • Offentleg tenestepensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Bedriftsidrettslag, bedriftshytter

Ytterligere informasjon

Stillinga er lønt iht 1211 seksjonssjef, i samsvar med Hovedtariffavtalen i staten. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Søknad sender du elektronisk via Jobbnorge med CV, relevante attestar og vitnemål.

Ønskjer du fleire opplysningar om stillinga kan du kontakte avdelingsdirektør Bjørn Arvid Sætren via e-post: bjorn.a.satren@hi.no eller tlf: 976 70 130

Inkludering og mangfold, og positiv særbehandling

Havforskingsinstituttet har fokus på mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Havforskingsinstituttet er ei IA-bedrift, og vi ønskjer å legge forholda til rette for søkjarar
med redusert funksjonsevne.

Dersom det finns kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling, må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om krava her.

For å synliggjere at du ønskjer å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling ber vi deg krysse av for dette i jobbportalen når du søkjer.