Kommunesenteret ligg 15 min køyring frå Bergen sentrum. Vi er om lag 50 kyrkelege tilsette. Les meir om oss på www.kyrkja.no/oygarden , ta ein telefon eller kom gjerne innom oss i kontora våre på Straume
Økonomi- og administrasjonsleiar
Overordnet beskrivelse av stillingen og virksomheten:
Ønskjer du ein viktig og spennande leiarjobb der du kan gjere ein forskjell for andre?
Øygarden kyrkjelege fellesråd søkjer no etter ein initiativrik og dedikert økonomi- og administrasjonsleiar. Stillinga er ein del av leiargruppa.
«Nær Gud, nær menneske.» Slik lyder Øygarden kyrkjelege fellesråd sin visjon. I alt vårt arbeid og i alle våre møte med menneske skal vi både kvile i, og strekkje oss etter denne visjonen. Takknemlegheit, og det å vere tenande og frimodige i arbeidet er sentrale verdiar hos oss. Vi ønskjer medarbeidarar som vågar å reflektere over om praksisen vår samsvarar med dei verdiane vi forkynner og ønskjer å etterleve. Fellesrådet er stort, vi har om lag 39 000 innbyggarar og 28 600 medlemer.
Som økonomi- og administrasjonsleiar vert du ansvarleg for å leie seksjon for økonomi og administrasjon. Du får ei sentral og allsidig leiarutfordring med stor bredde i oppgåver og ansvar. Seksjonen har til saman seks medarbeidarar. I tillegg har du ei stor grenseflate mot andre seksjonar, team av tilsette og folkevalde organ.
Vi ser etter ein relasjonell leiar med god praktisk erfaring innan økonomistyring frå næringsliv, organisasjonar eller offentlege aktørar. Du har ein involverande leiarstil og nyttar dei ressursane du har rundt deg. Det er og viktig å ha evna til å kombinere strategisk tenking med stor gjennomføringskraft.
Du vert motivert av å bidra til ei mest mogleg effektiv og profesjonell styring og forvaltning av våre verdiar.
Personen som vert tilsett må ha eit personleg engasjement for Øygarden kyrkjelege fellesråd sin visjon og verdiar, og vere medlem av Den norske kyrkja.
Vis di interesse for stillinga ved å registrere din CV og søknad snarast. Attestar og vitnemål må leggast ved søknad.
Søknadsfrist: 21.mai 2023 – søknadar vert vurdert fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Strategisk og operativt ansvar for stabsfunksjonane ved kontoret
- Planlegge og styre økonomi
- Ansvarleg for drift av kyrkjekontoret
- Ansvar for å leie og vidareutvikle seksjon for økonomi og administrasjon
- Bidra til godt arbeidsmiljø og trivsel
- Personalansvar
- Delta i leiargruppa og ulike team og råd/utval
- Sikre kontroll og etterleving av lover og reglar
- IKT-ansvar
Kvalifikasjonar
- Leiarerfaring
- Høgskuleutdanning innan økonomi
- Evne til å kommunisere effektivt både skriftleg og munnleg
- Erfaring med å leie økonomiarbeid er ønskeleg
- Erfaring frå sakshandsaming er ønskeleg
- God kjennskap til lov- og avtaleverk
- Kompetanse innan IKT, teknologi og effektivisering
Øygarden kyrkjelege fellesråd ønskjer mangfald med omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en, og oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søke stillinga.
Personlege eigenskapar
- Tilgjengeleg, open og inkluderande leiar
- Gode samarbeidsevner
- Initiativrik og dedikert
- Strukturert, målretta og effektivt
- Sjølvstendig
- Handlekraftig
- God problemløysar
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull arbeidskvardag med påverkingsmoglegheiter
- Utfordrande og viktig leiarjobb
- Arbeid med faglege og engasjerte kollegaer og frivillige
- Fleksibel arbeidstid
- Løn og arbeidstilhøve følgjer tariffavtalar og avtaleverk for kyrkjeleg sektor.
- Pensjonsmedlemskap i KLP