Tag Archives: leder Kompetansesenter for distriktsutvikling

Direktør for Kompetansesenter for distriktsutvikling

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har ca. 380 tilsette, og er sekretariat for kommunal- og moderniseringsministeren og resten av politisk leiing. Departementet har ei rekke underliggande etatar og verksemder, Distriktssenteret er ein av desse. Om KMD

Direktør for Kompetansesenter for distriktsutvikling

Kommunal- og moderniseringsdepartementet lyser ut nytt åremål som direktør for Kompetansesenter for distriktsutvikling, for seks år. Tiltreding 1. april 2020.

Kompetansesenter for distriktsutvikling er eit nasjonalt kompetansesenter for lokal samfunnsutvikling, med ei desentralisert organisering. Senteret skal samarbeide med fylkeskommunane og kommunane om å styrke deira rolle som samfunnsutviklarar, og auke utviklingskapasiteten og kompetansen i kommunane. Målet med arbeidet er inkluderande og vekstkraftige lokalsamfunn i område med særlege distriktsutfordringar. Senteret skal vere ein nyttig og relevant kunnskapsbase og samarbeidspart for aktørar innanfor temaet lokal samfunnsutvikling, og bidra med faglege innspel til nasjonal politikkutvikling på området.

Les meir om Kompetansesenter for distriktsutvikling her: distriktssenteret.no

Kompetansesenter for distriktsutvikling forvaltar Merkur-programmet, som er eit viktig verkemiddel for å sikre tilgang til grunnleggande private tenester i område med få innbyggarar. Det er eit mål å vidareutvikle Merkur-programmet, gjennom å kople arbeidet med butikkutvikling med lokal samfunnsutvikling.

Om stillinga og arbeidet

Distriktssenteret har 26 tilsette, og er lokalisert på stadane Steinkjer, Sogndal og Sandnessjøen. Distriktssenteret er eit statleg forvaltningsorgan administrativt lagt under KMD, med fagleg uavhengigheit.

Direktøren er øvste leiar for senteret.

Organisasjonskulturen er prega av godt samarbeid mellom kollegaer på alle dei tre kontorstadane. Senteret er òg prega av høg trivsel og lågt sjukefråvær.

Kontorstad for direktøren vil bli Steinkjer, Sogndal eller Sandnessjøen. Dette blir avgjort i samråd med den som blir tilsett.

Direktøren er den administrative og faglege leiaren av Distriktssenteret, og er direkte ansvarleg overfor departementet for senteret si verksemd. Det årlege tildelingsbrevet og budsjettet set rammer for Distriktssenteret si verksemd og prioriteringar. Resultatoppfølging skjer gjennom KMD si etatsstyring av Distriktssenteret, og årleg leiarkontraktsamtale mellom KMD og direktør.

Direktøren må ha god strategisk forståing. Det er viktig å kunne utvikle nettverk til relevante styresmakter, FoU-miljø og utviklingsaktørar både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Stillinga set høge krav til initiativ, samarbeidsevner og formidlareigenskapar. Distriktssenteret arbeider tett saman med fylkeskommunane og kommunane. Dei har òg fagleg samarbeid med andre relevante etatar og organisasjonar.

Kvalifikasjonar

Du må ha

  • Gode leiareigenskapar, relevant leiarerfaring og evne til å motivere og oppnå resultat gjennom andre.
  • God evne til, og erfaring frå leiing av endrings- og utviklingsprosessar.
  • God strategisk forståing og resultatorientering.
  • Evne til å utvikle nettverk og relasjonar til relevante styresmakter, FoU-miljø og utviklingsaktørar både lokalt/regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
  • Høg etisk bevisstheit.
  • Kunnskap om og interesse for distriktspolitiske spørsmål og utvikling i lokalsamfunn.
  • Gode analytiske eigenskapar. Kunnskap, forståing og interesse for samfunnspolitikk og -analyse.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, òg på engelsk.
  • God evne til å handtere media.

Vi ønsker at du har erfaring frå offentleg forvaltning og/eller relevant verksemd i privat sektor. Det vil vere ein fordel med erfaring frå arbeid med distrikts- og regionalutvikling eller tilgrensande felt.

Kompetanse og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.

Vi tilbyr

Vi ønsker deg velkommen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin. Vi tilbyr

  • Ein spennande jobb i eit dynamisk miljø
  • Løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar, med automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse

Frå lønna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Det er høve for fornying av åremålstilsettinga éin gong.

Andre opplysningar

Send søknad elektronisk via lenka “Søk stillinga” øvst på denne sida.
Søknadsfrist: 15. september 2019

KMD samarbeider med Meditor for bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkar og inneber at vi verifiserer CV og anna søknadsdokumentasjon i samband med tilsettinga.

Vi gjer merksam på at det vil bli utarbeida ein offentleg søkarliste.