Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Seksjonsleiar kontorseksjon – Yrkesmedisinsk avdeling
Vi søkjer ein seksjonsleiar som ønskjer å bidra til høg kvalitet og gode tenester knytt til pasientservice og merkantile oppgåver hos oss.
Som seksjonsleiar vil du ha ansvar for dei merkantilt tilsette ved Yrkesmedisinsk avdeling. Det er til saman 5 tilsette ved seksjonen. Oppgåvene til dei merkantilt tilsette omfattar mellom anna leiarstøtte, skrankefunksjon, telefonservice, pasientinnkalling, journalskriving og varebestilling.
Om Yrkesmedisinsk avdeling
Yrkesmedisinsk avdeling har ansvar for Helseregion Vest. Avdelinga har Arbeidsmedisinsk poliklinikk, Seksjon for klinisk spesialallergologi, Seksjon for hyperbarmedisin med stort kammeranlegg for hyperbar oksygenbehandling, Norsk senter for maritim- og dykkemedisin, Radio Medico, seksjon for sjukepleie og merkantil seksjon.
Avdelinga tar generelt imot pasientar til utgreiing og dels behandling av komplekse medisinske tilstandar. Ei rekkje ulike medisinske spesialitetar samt yrkeshygienikarar og psykologar er representert. Arbeidet er utprega tverrfagleg og det er nødvendig med gode samhandlingsevner. Avdelinga har kvalitetsregistre og god forskingsaktivitet.
Som seksjonsleiar har du eit overordna fagleg ansvar for dei merkantile funksjonane ved Yrkesmedisinsk avdeling. Du vil mellom anna ha ansvar for gode samhandlingsrutinar og god utnytting av elektroniske støttesystem innan administrasjon, dokumentasjon og rapportering.
Seksjonsleiar er underlagd og rapporterer til klinikkdirektør, og vil arbeide tett saman med klinikkdirektør og leiargruppa som består av seksjonsleiarane.
Arbeidsoppgåver
- Seksjonsleiar har personal- og budsjettansvar for merkantil gruppe
- Fagansvar for tilrettelegging av arbeidsoppgåver, utarbeiding av rutinar vedrørande pasientdokumentasjon, ventelister og rapportar samt oppfølging av kvalitetsregistre
- Seksjonsleiar deltar i avdelinga si leiargruppe
- Den som blir tilsett må sjølv ta del i den daglege drifta og har medansvar for at ressursane blir nytta innan gitte budsjettrammer til beste for avdelinga
- Stillinga medfører ansvar for ulike kontrolloppgåver i datasystema, til dømes avdelinga sine kvalitetsregistre
- Andre arbeidsoppgåver kan og vere aktuelle, som for eksempel vedlikehald av elektronisk heimeside
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning/utdanning på høgskulenivå, gjerne innan helsefag
- Relevant leiarerfering og/eller -utdanning
- Erfaring med endringsprosessar
- Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse innan ulike verktøy og operativsystem, gjerne DIPS, Gat og Agresso
- Erfaring frå samarbeid på tvers av yrkesgrupper og avdelingar
- Må meistre norsk og engelsk skriftleg og munnleg
- Erfaring frå utvikling av rutinar og prosedyrar
- Gjerne kunnskap og erfaring frå spesialisthelsetenesta sitt ansvar og arbeidsområde
Utdanningsretning
- Helsesekretær
- IKT-fag
- Administrasjon/organisasjon/leiing
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, årsstudie / grunnfag
Personlege eigenskapar
- Tar ansvar og trivst i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø
- Er engasjert og engasjerer andre
- Er resultatorientert og evner å fatte avgjersler
- Ha fokus på å skape og bidra til eit godt og lærande arbeidsmiljø
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Er fleksibel i forhold til oppgåver og strukturert i forhold til innhald
- Arbeider sjølvstendig og tek initiativ
- Likar varierte utfordringar i eit aktivt arbeidsmiljø
Språk
- Norsk
- Engelsk
Vi tilbyr
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivit arbeidsmiljø
- Lønn etter avtale
- Triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår