Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim – både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her. Austrheim inviterer deg til opne landskap – med eit ope sinn! Vi søkjer….
Kommunalsjef oppvekst og kultur
Brenn du for eit godt oppvekstmiljø for barn og unge? Er du strategen og motivatoren som får skule, barnehage, PPT og barnevern til å strekke seg enda litt lenger i samarbeid og utvikling av sunn læringskultur? Då er kanskje dette stillinga for deg. Vi ser etter ein leiar med solid skulefagleg bakgrunn kombinert med kompetanse i leiing og utviklingsarbeid, og med motivasjon for å bidra i eit sterkt leiarfelleskap.
Kommunalsjef for oppvekst og kultur har ansvar for kulturskule, PPT, skule- og barnehageeigarrolla, kultur, bibliotek, fritid og idrett. Kommunalsjefen har også ansvar for å følgje opp interkommunale samarbeid på området. Organisasjonen har vore, og er, i endring og det kan tilleggast endringar til stillinga. Ei viktig hovudoppgåve vert å etablere det tverrfaglege familiens hus. Kommunalsjef for oppvekst og kultur skal sjå til at lovverk og rammeplanar vert følgt og har det overordna ansvaret for implementering og oppfølging av utviklingsarbeidet i einingane.
Kommunalsjefen har leiaroppfølging av tenesteleiarane og skal bidra til god samhandling og kommunikasjon på tvers. I saker som vedkjem barn og/eller føresette, er det avgjerande å sørge for involvering og god dialog i møte med dei det gjeld. Kommunalsjefen har det overordna ansvaret for fag, økonomi og personal på sitt område
Kommunalsjefen er ein del av kommunen si strategiske leing saman med kommunedirektøren og dei øvrige kommunalsjefane. Hovudfokus i stillinga er strategisk utvikling og kvalitetsutvikling innanfor ansvarsområda, i tett smarbeid med dei øvrige sektorane i kommunen.
Vi er ute etter ein samlande leiar med god gjennomføringsevne, der dine leiar- og relasjonelle eigenskapar skapar tillit både internt og eksternt, og bidreg til kvalitet i tenestene til barn og unge, ein god arbeidsplass og eit engasjement for Austrheimsamfunnet.
Arbeidsoppgåver
– Fagleg, økonomisk og administrativ leiing av tenesteområdet
– Styring, samordning, utvikling og effektiv drift av tenesteområdet
– Oppfølging og iverksetjing av politiske vedtak
– Greie ut og førebu politiske saker og dialog inn mot politisk nivå i samarbeid med kommunedirektør
– Er kommunedirektørkontakt for alle tenesteleiarane i tenesteområdet
– Utgreiingar og arbeidsoppgåver etter kommunedirektøren si avgjerd
– Samarbeide med regionale og statlege styresmakter
– Sikre arenaer og rutiner for god informasjon og kommunikasjon
– Utvikle og iverksetje digitaliseringsprosessar
– Fremja nytenking og innovasjon gjennom motivasjon og kompetanseutvikling i organisasjonen
Krav til kompetanse
– Relevant høgskule- eller universitetsutdanning/skulefagleg og god pedagogisk kompetanse på høgare nivå
– Leiarutdanning
– Gode leiareigenskapar
– God økonomiforståing
– Relevant leiarerfaring frå fagområdet
– Ynskjeleg med utgreiingserfaring
– Erfaring med å arbeide opp mot eit politisk system
– God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskaper
– Evne til å skape gode relasjonar internt og mellom sektorar
– Utviklings- og resultatorientert
– Tydeleg, engasjert og visjonært leiarskap
– Gode samarbeids- og relasjonelle evner
– Løysingsorientert, systematisk og målorientert
– Evne til å oppnå resultat gjennom andre og til å inspirere og motivere
– Kan legge til rette og leie fleirfagleg arbeid på tvers av ansvarsområde
– Analytisk og har gjennomføringsevne
– Lagspelar med fagleg autoritet innanfor ansvarsområdet
– Ser heilskapen i ein kommuneorganisasjon
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Informasjon om stillinga
For nærare informasjon om stillinga ta kontakt med kommunedirektør Bjørnar Fjellhaug på telefon 414 33 375.
Anna:
– Søknader der det ikkje er ført opp utdanning eller praksis vil ikkje verte vurdert.
– Dokumentasjon av opplysningar gjeve i søknaden blir etterspurd i samband med intervju, eller ved førespurnad
– Utvida politiattest av nyare dato må leggjast fram før ein tiltrer i stillinga.
Vi kan tilby
– Spennande utfordringar i ein organisasjon i stadig endring
– Sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver i eit allsidig og fagleg spennande miljø
– Godt kvalifiserte og hyggjelege kollegaer
– Personleg og fagleg utvikling
– Konkurransedyktig løn og gode pensjonsordningar
Søknad vert å senda
Søkjar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000.