Tag Archives: leder Møre og Romsdal tingrett

Administrasjonssjef

Administrasjonssjef

Møre og Romsdal tingrett er ein domstol som dømmer i første rettsinstans og har  fire likestilte rettsstadar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund. Domstolen vert leia av domstolleiar og i leiarguppa inngår ein nestleiar, administrasjonssjef og ein seksjonssjef.  Domstolen har totalt 46 stillingsheimlar, der 19 er dommarstillingar og dei øvrige er sakshandsamarar.

Møre og Romsdal tingrett vart etablert 26. april 2021, som følgje av ny domstolstruktur. På linje med dei andre tingrettane i Norge, er vi no i ein omstillingsprosess. Strukturendringane medfører modernisering og digitalisering av domstolane.  For å lykkast med utvikling av Møre og Romsdal tingrett, vert det stilt store krav til leiing,organsisasjonsutvikling, involvering og kulturbygging,  der fjernleing også er naudsynt.

Om stillinga

Administrasjonssjefen vil i tett samarbeid med leiinga ha ansvar for utviklingsarbeidet. Administrasjonssjefen sitt ansvar og oppgåver vert delegert frå domstolleiar, og stillinga stiller spesielle krav til kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Administrasjonssjefen skal ha sin faste kontorstad i Ålesund, men det vil vere naudsynt med noko reising til dei tre andre rettsstadane.

Meir informasjon om domstolen finn du på www.domstol.no.

Arbeidsoppgåve

•      Domstolleiar er øverste leiar av domstolen og delegerar ansvar og oppgåver til administrasjonssjefen.

•      Personalanasvar for saksbehandlargruppa i domstolen.

•      Bidra til utvikling av ein felles kultur og sikre god intern informasjon og kommunikasjon.

•      Leie, koordinere og drifte den administrative verksemda i domstolen, herunder:

  • ansvar for budsjett- og økonomioppfølging
  • overordnet ansvar for IT-funksjonen og interne sikkerhetsrutiner knyttet til fysisk sikkerhet, datasikkerhet og GDPR
  • ansvar for systematisk arbeid med arbeidsmiljø, HMS og internkontroll
  • dialog med og involvering av tillitsvalgte og vernetjeneste

Kompetanse

  • Relevant utdanning på mastergradsnivå. Utdanning på bachelornivå kan kompensere for dette dersom du kan dokumentere solid leiarerfaring.
  • Minst tre års erfaring som leiar med personalansvar, gjerne fra leiing av kunnskapsmedarbeidarar.
  • Erfaring med endringsleiing og involvering av medarbeidarar i prosessar, gjerne frå omstillingsarbeid i offentleg verksemd, vert tillagt vekt.
  • Har eit reflektert forhold til domstolen sitt samfunnsoppdrag og kan sjå si stilling/rolle i lys av dette.
  • Erfaring med økonomistyring, budsjettansvar og strategiarbeid.
  • Erfaring fra HR- og personalforvaltning, innsikt i lov- og avtaleverk i arbeidslivet, partssamarbeid og medbestemmelse.
  • God skriftleg og muntleg fremstillingsevne.
  • Fordel med kunnskap om kommunikasjon og mediehandtering.
  • Erfaring frå arbeid med digitalisering av arbeidsprosessar. God kjennskap til vanlege IT-verktøy.

Personlege egenskaper

  • Du er ein tydeleg og støttande leiar som gir dine medarbeidarar tillit og ansvar, og legg til rette for fagleg og personleg utvikling.
  • Du har gode analytiske evne, arbeidar systematisk og er fokusert på å finne gode løysingar.
  • Du har gode kommunikasjonsevne skriftleg og muntleg, og gode samarbeidsevne.
  • Du har innsikt i eigne styrkar og utfordringar i leiarrolla.
  • Du har evne til å vere ein brubyggar mellom dei ulike medarbeidargruppene i domstolen, og skape rom for samhandling.
  • Du er opptatt av kultur- og relasjonsbygging.
  • Du er flink til å finne nye løysingar på arbeidsprosessar, organisering, drift mv, og har ein positiv innstilling til å ta i bruk nye verktøy og metodar.
  • Du er opptatt av effektivisering av arbeidsprosessar gjennom bruk av digitale system og verktøy.

Vi tilbyr

Vi tilbyr deg en spanande leiarjobb med eit tydeleg samfunnsoppdrag for ein av dei sentrale aktørane i det norske demokratiet. Du vil få oppgåver som gir deg faglege utfordringar, og høve til å delta i utvikling av domstolane.

Stillinga vert løna etter Staten sitt lønsregulativ i stillingskode 1058 Administrasjonssjef, avhengig av dine kvalifikasjoner. Fra lønna trekkes 2 % til en av Norges beste pensjonsordninger i Statens pensjonskasse.

Vi legg vekt på bredde og mangfald i arbeidsmiljøet, og vi oppfordrar kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, etnisitet og funksjonsevne. Det er ei forutsetning at du kan vere fysisk tilstades og tilgjengelig for virksomheita på dagleg basis.

Spørsmål om stillinga

Nærmare opplysningar får du ved å kontakte domstolleiar Kirsti Høegh Bjørneset, tlf 93 037 227.

Det vil bli utarbeida offentleg søkjarliste. Det visast til Offentleglova §25, 2.ledd,  som gjev høve til å bli unnateke frå søkjerlista.