Tag Archives: leder poliklinikkar

Seksjonsleiar poliklinikkar

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Seksjonsleiar poliklinikkar

Kvinneklinikken, Helse Førde

Kvinneklinikken har poliklinikkar innen fagfelta gynekologi, føde og ammepoliklinikk.
Gynekologisk poliklinikk utgreiar alle gynekologiske tilstandar, og gjer enklare operativ behandling. Fødepoliklinikken driv oppfølgjing av gravide og ultralydsdiagnostikk. Ammepoliklinikken følgjer opp kvinner med store ammeproblem etter fødsel.

Seksjonsleiar har personal-, økonomi og fagansvar.
Stillinga ligg direkte under avdelingssjef.

Oppstart stilling frå 19.08.2019 eller etter nærare avtale.

Arbeidsoppgåver
  • Daglig drift og organisering av poliklinikkane
  • Videreutvikle og leie kvalitetsforbetringsarbeidet i seksjonen
  • Vere ansvarlig for operasjonsplanlegging
  • Teamsamarbeid i leiargruppa
  • Stillinga inneheld klinisk arbeid i poliklinikken
Kvalifikasjonar
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Off. godkjent sjukepleiar
  • Leiarerfaring
  • Ønskjeleg med erfaring frå prosjekt og forbetringsarbeid
  • Fordel med erfaring frå drift av poliklinikk
Personlege eigenskapar
  • Samarbeide godt i team
  • Vere entusiatisk og ha evne til å motivere personalet
  • Vere løysingsorientert
  • Evne til selvstendig arbeid
Vi tilbyr
  • Godt arbeidsmiljø i eit fagmiljø i utvikling
  • Fagleg oig personleg utvikling
  • Leiarutviklingsprogram.
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar