Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
ID 2025 Avdelingsleiar Oppsøkande tenester – Psykisk helse og rus
Ynskjer du å vere leiar og bli med på å utvikle psykisk helse -og rustenestene i Stord kommune?
Stord kommune har ledig stilling som avdelingsleiar i Oppsøkande tenester i eining for psykisk helse og rus. Eininga omfattar oppfølgingstenester i bustad, støttesamtalar, helsetenester i heimen, praktisk bistand og opplæring, lågterskel helsetilbod til personar med rusvanskar, aktivitetssenter for personar med psykiske helseutfordringar, samt ulike gruppetilbod til målgruppa.
Det er ledig fast 100 % stilling som avdelingsleiar for Oppsøkande tenester.
Opplæring og oppstart snarast etter avtale.
Avdelingsleiar sine hovudoppgåver:
- Leiing og koordinering av den daglege drifta i avdelinga
- Dagleg ansvar og oppfølging av fag og personale
- Fokus på fagleg og personleg utvikling av medarbeidarane
- Bidra aktivt i tverrfagleg innsats og samhandling, utvikling på tvers av avdelingar, tenesteområde og ulike samarbeidspartnarar
- Fylgjer opp eininga sine målsetjingar
- Ordinære driftsoppgåver
Me søkjer ein leiar som:
- Har relevant utdanning innan helse -og sosialfag. Sjukepleiarar vert oppmoda til å søkja.
- Vidareutdanning og erfaring innan leiing vert vektlagt.
- Har god kompetanse på IKT og interesse for digitale løysingar
- Har erfaring frå arbeidsfeltet
- Har motivasjon og evne til å leia og vidareutvikla avdelinga og eit personale med sjølvstendige og kompetente medarbeidar, – gjennom å gje tillit, handlingsrom og stille krav
- Er utviklings- resultat- og løysingsfokusert, med basis i nært og gjensidig samarbeid med leiar, fagpersonell, brukara, pårørande og eksterne samarbeidspartnarar
- Har samhandlingskompetanse, og ser samanheng og løysningar på tvers av tradisjonelle fag og avdelingar
- Kommunisera tydeleg, arbeida strukturert og sjølvstendig, set klare mål og fylgjer opp
- Er open, raus, fleksibel, lojal, positiv, initiativrik og strukturert og etisk reflektert
- Personlege eigenskapar vert sterk vektlagt. Søkjar må ha sertifikat.
Me kan tilby deg:
- Du vert del av eit leiarteam i ei eining med fokus på brukar, utvikling og kompetanse
- Tverrfagleg samarbeid internt i kommunen og spesialisthelseføretaket
- Teamarbeid med spanande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Kontaktperson Einingsleiar Diana Bergeland tlf 952 43 278
Offentlig tenestepensjon i KLP – Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.