Tag Archives: leder Sundheim

Avdelingsleiar for heimetenester på Sundheim

Nord-Fron Kommune med byen Vinstra og tettstadene Kvam og Skåbu ligg i Gudbrandsdalen, midt mellom Trondheim og Oslo. Kommunen har ca. 5 900 innbyggarar. Regionen Midt-Gudbrandsdal har nesten 14 000 innbyggarar og er med sine rundt 7 600 hytter eit av Norges mest attraktive fritidsområde. Nord-Fron kommune har eit breitt natur- og kulturtilbod gjennom kulturskole, idrettslag og private kulturberarar som Peer Gynt, Countryfestivalen og Ronadaståk. Kommunen har både kunstgrasbaner, friidrettsanlegg og badeland. Vi har trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge, med eit godt skole- og barnehagetilbod, som også inkluderer ein moderne vidaregåande skole. Kommunesenteret Vinstra har positiv vekst, med eit breitt teneste og servicetilbod. Nord-Fron kommunes visjon er å vere det attraktive midtpunktet i Gudbrandsdalen. Våre verdiar er HEL VED | NYSKAPANDE | INKLUDERANDE.

Vi søkjer avdelingsleiar for heimetenester på Sundheim

Nord-Fron kommune har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar for tida for heimetenester, herunder heimehjelp, heimesjukepleia og korttid/rehabilitering. Stillinga er ny og ein del av ein omstillingsprosess der fleire avdelingar skal sjås i samanheng, samtidig som arbeidsoppgåver blir fordelt på ein ny måte der bl.a. fagsjukepleiarar blir underlagt avdelingsleiar. Omstillingsprosessen er ikkje ferdig og ny leiar vil få moglegheit til å delta i og påverke framtidig struktur. Avdelingsleiar sorterer under tenesteleiar for Pleie- og omsorgstenesta i Nord-Fron kommune og blir i team med fleire andre avdelingsleiarar.

Arbeidsoppgåver

Avdelingsleiar skal vere ein aktiv pådrivar for utvikling, dialog, samhandling og brukarmedverknad. Avdelingsleiar har personal-, økonomi og fagansvar på vegne av tenesteleiar. Avdelingsleiar skal/har;
– Ivareta dagleg drift, leiing og koordinering av avdelinga, herunder sørge for fullt forsvarleg arbeidsmiljø.
– Ansvar for tenestetilbodet som gis til brukarane innafor eige område og bidra til at det fattast korrekte vedtak i samarbeid med tildelingskontoret.
– Bidra til å fremme samarbeid og samordning med andre enheter innafor helsetenestene i kommunen og eksterne samarbeidspartnerar.
– Bidra i leiarnettverk og sørge for medverking og inkludering.
– Ansvar for at tilsette handterer legemiddel i tråd med forskrifter.
– Arbeide lojalt opp mot kommunens plandokument og politiske vedtak, samt delta aktivt i tenesteutvikling i tråd føringar for helse- og omsorgssektoren.
– Bidra med utvikling av gode pasientforløp etter LEON prinsippet.
– Delta i tverrfaglege utviklingsprosjekt.

Kvalifikasjonar

– Krav om helsefagleg utdanning frå høgskole- /universitetsnivå, og/eller anna relevant utdanning på minimum høgskolenivå.
– Føresetnad med kunnskap om lovverk og saksbehandling innafor relevante regelverk.
– Ønskjeleg med vidareutdanning innafor leiing, eventuelt vilje til å ta relevant etterutdanning.
– Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
– Fordel med kunnskap om- og interesse for digitalisering.

For å ivareta kjønnsbalansen i leiargruppa og personalet blir menn oppfordra til å søkje.

Personlege eigenskapar

– God mellommenneskeleg forståelse og tilnærming i møte med folk.
– Evne til å bygge relasjonar og inspirere medarbeidarar.
– Gode beslutningseigenskapar og høg gjennomføringsevne.
– Evne til å takle høgt arbeidspress.
– Sjølvstendig, strukturert og løysningsorientert.

Personleg eignaheit for stillinga vil bli tillagt stor vekt.

Vi kan tilby

– 100 % fast stilling i ein framoverlent kommune med relativt god økonomi, dyktige medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø.
– Varierte, meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver.
– Gode pensjons- og forsikringsordningar.
– Konkurransedyktig løn.
– Hjelp med å finne bustad.
– Flyttegodtgjersle.
– Barnehageplassgaranti.

Føresetnader / vilkår

– Moglegheit for å disponere eigen bil som kan nyttast i arbeidssamanheng.
– Politiattest av nyare dato er kravd for stillinga.
– Arbeidstakarar i Nord-Fron kommune blir tilsett på dei vilkåra som til ein kvar tid framgår av gjeldande lover, reglement og Hovudtariffavtala.
– Det blir trekt 2% av brutto løn til pensjon.

Arbeidsplassane i Nord-Fron kommune skal pregast av mangfold. Våre tilsette skal gjenspeile kommunens befolkning. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller etnisk bakgrunn til å søkje jobb hos oss.

Søknaden sendes

Registrer søknaden under knappen Søk på stilling.
Alle søknader på ledige stillingar skal skje via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Søknader skal ikkje sendast som e-post.

Kopi av attestar og vitnemål blir etterspurt ved behov. Kopiane blir ikkje returnert.
Nord-Fron kommune praktiserer meiroffentlegheit, der namn, adresse, alder og stilling blir offentleggjort på søkarlista etter at søknadsfristen har gått ut. Ønskje om evt. konfidensiell behandling må grunngjevast særskilt. Viss unntak ikkje blir akseptert, vil søkar bli varsla og søknaden kan eventuelt trekkast.