Tag Archives: leder valle kommune

Leiar for teknisk eining

Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod.  Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.

Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/

Leiar for teknisk eining

Valle kommune tilbyr spennande leiarstilling. Stillinga vil vere sentral i utvikling av Valle kommune til ein framtidsretta kommune. Du vil bli ein del av rådmannen si leiargruppe og få ein nøkkelrolle i ein av dei største arbeidsplassane i Setesdal.

Ansvar og arbeidsoppgåver

Stillinga opererer i spennet mellom drift og utvikling, styring og leiing. Den som blir tilsett vil ha ei sentral rolle med stor moglegheit til å påverke utvikling av kvaliteten i tenestene og teknisk eining som organisasjon. Leiar er næraste overordna for tilsette i eininga og har personal-, økonomi-, kvalitets- og fagansvar.

  • Leie, koordinere og vidareutvikle fagområda veg, VA, bygg, eigedom, kommunal drift, kommunal planlegging og landbruk
  • Personalleiing og organisasjonsutvikling
  • Vidareutvikle og effektivisere kvalitetssystem og rutinar
  • Vidareutvikle digitalisering av tenestene
  • Delta aktivt i utviklingsarbeidet lokalt og regionalt
  • Rettleie og bistå andre einingar, næringsdrivande og innbyggjarar
  • Generell sakshandsaming av både administrative og politiske saker

Kvalifikasjoner

  • Relevant minimum 3-årig høgskuleutdanning, gjerne ingeniør eller arealplanlegger, med leiarkompetanse/-erfaring
  • Relevant erfaring og evne til kreativitet og nytenking
  • Kunnskap om relevant lovverk, særleg plan- og bygningslova
  • God forståing av  arealforvaltning og planarbeid
  • Leiarerfaring frå privat og/eller offentleg sektor er ønskeleg
  • Erfaring med økonomistyring

Personlige egenskaper

  • Trygg, tydeleg og synleg leiar
  • Evne til å motivere, leie og utvikle medarbeidarar
  • Bygge tillit og har godt samspel med samarbeidspartnarar
  • Evne til å arbeide målretta, strategisk og heilskapleg
  • Personleg interesse og engasjement for stillinga vert tillagt stor vekt

Teknisk eining har eit godt arbeidsmiljø, og mykje humor i ein kommune der det er ein positiv trend med mykje aktivitet.

Vi tilbyr

  • Eit spennande fagleg miljø i utvikling
  • Stor variasjon i arbeidsoppgåvene og varierte arbeidsdagar
  • Løn etter avtale
  • Gode moglegheiter til eigen utforming av stillinga innan gjeldande rammer
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
  • Bedriftsleilegheit sentralt i Kristiansand
  • Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode kultur- og fritidstilbod for ulike interesser og aldersgrupper
  • Ei triveleg bygd å bu i

Tenesteleiar for Helsetenesta i Bykle og Valle

Bykle kommune har ca. 965 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 21 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.

Bykle kommunen er organisert i to nivå: rådmann med stab/støtteavdelingar og 8 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette.

Tenesteleiar for Helsetenesta i Bykle og Valle

Vi søkjer ein utviklingsretta og resultatorientert Tenesteleiar

Helsetenesta er eit vertskommunesamarbeid mellom Bykle og Valle kommunar. Det er Bykle som er vertskommune. Tenesta består av fylgjande deltenester: fastlege, legevakt, fysioterapi, jordmor, helsestasjon, skulehelseteneste og psykisk helse og rus. Det er fokus på innovasjon og utvikling i tenesta og eit nært samarbeid med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta

Arbeidsoppgåver

  • Fag-, personal- og økonomiansvar
  • Utvikle og drifte tenesta
  • Innovasjon og utvikling innanfor tenesteområdet
  • Prosjektleiing
  • Samarbeide med andre kommunale einingar, interkommunalt samarbeid og samarbeid med spesialhelsetenesta.

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg og administrativ utdanning frå høgskule eller universitet, minimum bachelor
  • Leiarerfaring, gjerne frå kommunal sektor
  • Erfaring frå arbeidsfeltet
  • God norsk, skriftleg- og munnleg, framstillingsevne er ein forutsetning

Utdanningsretning

  • Medisin/Helse/Sosialfag
  • Administrasjon og leiing

Utdanningsnivå

  • Høgskule/Universitet

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer ein tydeleg leiar som er fleksibel, som kommuniserer og samarbeider godt, og som er resultatorientert.

Språk

  • Norsk

Vi tilbyr

  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Løn etter avtale
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Fleksibel arbeidstid
  • Flyttegodtgjersle etter eige reglement
  • Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad

Andre opplysningar

  • Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben