Tag Archives: Leiar for eining for samordning kulturdepartementet

Kontorsjef

Kulturdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltninga på områda kultur, likestilling og diskriminering, opphavsrett, medium, idrett, frivillig verksemd og pengespel og lotteri. Departementet har om lag 160 tilsette, for tida fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining.

Administrasjonsavdelinga utviklar system for styring og fastset overordna retningsliner for ei effektiv og samordna leiing og drift av departementet. Avdelinga tar seg av administrative saker og ser til at departementet blir styrt i samsvar med gjeldande lover og reglar.

Leiar for eining for samordning

Kontorsjef

Hovudoppgåva til eininga er å koordinere regjeringsnotat, departementsførelegg, høyringar og andre felles innspel til departementa, og rapportering til Statsministerens kontor (SMK) og Stortinget. Til saman utgjer koordineringsoppgåvene om lag 1300 saker i året, og arbeidet er prega av tidvis svært korte fristar og høgt arbeidstempo.

Eininga er i tillegg involvert i og har ansvaret for fleire utviklingsprosjekt i administrasjonsavdelinga. Leiar for eininga deltek i avdelingas leiargruppe og har sekretariatsfunksjonar der.

Som leiar av eininga har du personalansvar for medarbeidarane. Du skal sørgje for raske og smidige prosessar i samarbeid med interne og eksterne aktørar om oppgåvene, og for god oppgåveløysing internt i eininga.

Kvalifikasjonar

Du må ha høgare utdanning med fullført grad på masternivå. Relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.

Vi søkjer deg som er ein god leiar med evne til å motivere og engasjere medarbeidarane. Du må ha høg arbeidskapasitet og evne til å organisere arbeidet, initiere og leie prosessar, delegere oppgåver og sørgje for framdrift. Du har relevant og brei erfaring frå statleg forvaltning, fortrinnsvis frå eit departement. Du må ha særs god forvaltningskompetanse og rolle- og systemforståing knytt til den rolla eit departement har som regjeringskontor, i forholdet mellom departementa, SMK og Stortinget og samspelet mellom politikk og embetsverk. Du må vere analytisk og ha god evne til å sjå heile biletet.

Stillinga krev evne til å drive fagleg rettleiing og til å vere pådrivar for utvikling av effektive arbeidsprosessar, mellom anna ved bruk av digitale verktøy. Du har evne til å handtere eit breitt utval saker på same tid og behandle desse på ein effektiv og smidig måte. Du er opptatt av kvalitet og har god orden, samstundes som du er opptatt av at oppgåver blir gjennomført raskt og til rett tid på ein klok måte.

Vi søkjer deg som har evne til å skape samarbeidskultur og gode relasjonar, internt i eininga, i departementet og mellom departementa. Du er raus og omgjengeleg og kommuniserer tydeleg og ope. Du må ha god formuleringsevne, både skriftleg og munnleg. Du må kunne bli tryggingsklarert på nivå hemmeleg.

Vi tilbyr

Kulturdepartementet har eit kunnskapsrikt og stimulerande arbeidsmiljø med engasjerte, kompetente og resultatorienterte medarbeidarar. Kvardagen i administrasjonsavdelinga er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø.

Vi held til i hyggjelege lokale midt i Oslo sentrum. Som tilsett hos oss har du fleksibel arbeidstid, høve til trening i arbeidstida, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse.

Stillinga som leiar av samordningseininga har stillingskode 1054 kontorsjef. Løna er i spennet mellom kr 650 000 og 775 000 brutto per år, avhengig av utdanning og erfaring. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vere aktuelt.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Det er derfor eit personalpolitisk mål å få til ei balansert samansetjing av tilsette på tvers av alder og kjønn, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode. Opplysningar om dette kan bli brukt til registerformål.

Offentleg søkjarliste og kontakt

Dei som søkjer, må være merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.

Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med assisterande departementsråd Henning Henriksen på mobil 414 01 926.