Tag Archives: leiar Førde

Er du ein dyktig og samlande leiar som vil vere med å utvikle økonomi- og verksemdstyringa hos oss? 

Er du ein dyktig og samlande leiar som vil vere med å utvikle økonomi- og verksemdstyringa hos oss? Då har vi jobben for deg.

Seksjonsleiar verksemdstyring

Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er ein statleg etat under Utanriksdepartementet. Vi forvaltar tilskot til internasjonal utveksling av tilsette mellom land i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Noreg.

 I 2019 var 228 organisasjonar, institusjonar og verksemder frå 24 land involvert i 80 ulike partnarskap.

Les mer om Norec på www.norec.no

Du vil vere sentral i arbeidet med å utvikle og drifte etaten sitt arbeid innanfor fagområdet økonomi, og vidareutvikle etaten si verksemdsstyring. Seksjon for verksemdsstyring i Norec består av 11 medarbeidarar innan økonomi, administrasjon, IKT, HR, arkiv, internkontroll, analyse, monitorering og evaluering.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • leie seksjonen og utvikle gode medarbeidarar og team
  • vere ein drivar for utvikling av verksemdsstyringsprosessane i etaten
  • sørge for at seksjonen leverer på sine ansvarsområde, og at det er god arbeidsflyt på tvers av avdelingane.
  • utarbeide budsjett, oppfølging, rapportering, analyser, samt risikostyring
  • ha overordna controllerfunksjon for etaten
  • sikre kunnskapshenting og gode resultatdata for vidare utvikling gjennom monitorering, evaluering og analyse av Norecs verksemd,
  • utarbeide årsregnskap og regnskapsrapportering til Utanriksdepartementet
  • bidra til gode beslutningsgrunnlag for etaten, basert på analyser, solid faktagrunnlag og kunnskap om økonomi, regnskap og verksemdsstyring
  • delta i utviklingsarbeidet i etaten

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning, helst på masternivå, gjerne innan økonomi, juss, administrasjon eller samfunnsfag. Relevant erfaring kan kompensere for masternivå.
  • Erfaring med leiing og med å motivere menneske mot felles innsats og mål
  • Erfaring med administrasjon og økonomistyring
  • God budsjettforståing
  • Evne til å meistre og handtere stort arbeidspress og stor bredde i eige ansvarsområde
  • Evne til relasjonsbygging
  • Evne til å arbeide strukturert og resultatorientert
  • Krav til personleg integritet og evne til å vise respekt for andre

Vi kan tilby

I Norec vil du få dyktige kollegaer som er opptatt av å ha eit godt arbeidsmiljø. Vi legg godt til rette for både fagleg og personleg utvikling i jobben. Vi har gode velferdsordningar, og om du likar å trene kan du gjere det i arbeidstida. Vi har fleksibel arbeidstid, så du når ein topptur før du stemplar inn om morgonen.

Generell informasjon

Stillinga vert løna innanfor statens lønnsregulativ som seksjonsleiar/SKO 1211.  Stillings- og lønsplassering vil vere avhengig av utdanning og erfaring.

Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse. Frå lønna vert det trekt 2 % til Statens pensjonskasse.

Norec legg vekt på mangfald. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte om å søke stillinga, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har hol i CV’en.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan bli gjort offentlege, sjølv om søkaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkarlista. Dersom dette ikkje vert tatt til følge, vil søkaren bli varsla om dette.

Kontaktinformasjon:

For spørsmål om stillinga, ta kontakt med:

Avdelingsdirektør Morten Rørvik, på mail: morten.rorvik@norec.no, eller Tlf: 91 00 55 09

  • Tilsettingsform: Fast 
  • Oppstart: August 2021 eller etter avtale 
  • Arbeidsstad: Førde