Tag Archives: museumsjef sogn og fjordane kunstmuseum

Kunstdirektør

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane med hovudkontor på Sandane har følgjande avdelingar; DHS-Sogn Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Nordfjord Folkemuseum, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Sunnfjord Museum, Norsk Reiselivsmuseum og Norsk Kvernsteinsenter med til saman 51 tilsette.
Sogn og Fjordane Kunstmuseum ligg sentralt i Førde sentrum. Kunstmuseet sitt arbeidsområde er regional kunsthistorie, med vekt på 1900-talet og samtidskunst, og er den viktigaste arenaen for framvising av kunst i Sogn og Fjordane. Kunstmuseet samarbeider i det nasjonale kunstmuseumsnettverket og er engasjert i internasjonale utstillingar og samarbeidsprosjekt. Museet har også ansvar for kunstsenterfunksjonar.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum har i tillegg driftsansvar for Astruptunet, Eikaasgalleriet, Anders Svor Museum og Sogn Kunstsenter.

Kunstdirektør

Det vert no ledig stilling som:
Avdelingsdirektør
ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Sogn og Fjordane Kunstmuseum ligg sentralt i Førde sentrum. Kunstmuseet sitt arbeidsområde er regional kunsthistorie, med vekt på 1900-talet og samtidskunst, og er den viktigaste arenaen for framvising av kunst i Sogn og Fjordane. Kunstmuseet samarbeider i det nasjonale kunstmuseumsnettverket og er engasjert i internasjonale utstillingar og samarbeidsprosjekt. Museet  har også ansvar for kunstsenterfunksjonar.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum har i tillegg driftsansvar for Astruptunet, Eikaasgalleriet, Anders Svor Museum og Sogn Kunstsenter.

Avdelingsdirektøren er fagleg og administrativ leiar med dagleg ansvar for personale og drift.

Vi søkjer ein strukturert og resultatorientert  person med god evne til å motivere og byggje nettverk både lokalt, regionalt og internasjonalt. Avdelingsdirektøren rapporterer til administrerande direktør.

Kompetanse og kvalifikasjonar
• Høgare utdanning og erfaring innan relevante fagområder
• God økonomiforståing og interesse for personalforvaltning
• Relevant praksis og dokumentert leiarerfaring
• Interesse for å utvikle museet i samspel med dei andre museumsavdelingane
• Gode språkkunnskapar og førarkort

Stillinga har eit åremål på seks år og blir lønna etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum (Virke). God pensjonsordning. IA-avtale.

Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til administrerande direktør Kjartan Aa Berge, tel. 414 46 439, museumsfagleg seniorrådgjevar Thomas Walle tel. 926 22 055 eller sjå www.misf.museum.no.

Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli gjort offentleg.

Søknad med CV sendast til
Musea i Sogn og Fjordane, Gota 16, 6823 Sandane
eller til stilling@misf.museum.no