Tag Archives: Norges handelshøyskole

Seksjonsleiar Servicesenteret

Noregs handelshøgskole (NHH) er mellom dei leiande handelshøgskolane i Europa. NHH har eit internasjonalt akta forskingsmiljø og

er førstevalet for studentar som skal ta økonomisk-administrativ utdanning i Noreg. NHH har 3400 studentar og 400 tilsette.

Er du den nye seksjonsleiaren ved Servicesenteret?

Seksjonsleiar Servicesenteret

NHH har ledig ei fast stilling som seksjonsleiar for Servicesenteret. Dei sentrale funksjonane til Servicesenteret er tenester for studentane, onboarding og andre tenester for nye tilsette samt bistand ved konferansar, seminar og andre større arrangement.

Det er seks tilsette i Servicesenteret, og seksjonsleiaren rapporterer for tida til rektor. Ein planlegger å organisere Servicesenteret som ein av seksjonane i ei ny avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt.

Som vår nye seksjonsleiar vil det være ei viktig oppgåve å bidra til kvalitet, effektivitet og gode opplevingar for brukarane både blant studentar, tilsette og eksterne aktørar. Vi søkjer etter ein smidig og handlingsorientert leiar med solide kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Hovudansvar og oppgåver

  • ansvar for koordinering av Servicesenteret sine tenester
  • ansvar for vidare utvikling av Servicesenteret sine tilbod i samarbeid med resten av organisasjonen
  • digitalisering av tenestene
  • jamn kontakt med Servicesenteret sine interessentar på heile NHH
  • personalansvar for fem tilsette

Du må rekne med endringar i arbeidsoppgåvene over tid.

Kvalifikasjonskrav

Vi ser etter deg som har

  • høgare utdanning, fortrinnsvis mastergrad (relevant realkompetanse kan i unntakstilfelle erstatte utdanningskravet)
  • relevant leiarerfaring
  • brei erfaring med arbeid knytt til service
  • gode evner innan og interesse for bruk av digitale verktøy
  • særs gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk

Det er ein føremon at du har

  • erfaring frå universitets- og høgskolesektoren

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som har/er

  • ein tydeleg og motiverande leiar
  • utviklingsorientert
  • særs gode samarbeidsevner
  • serviceinnstilt og imøtekomande

NHH tilbyr

  • varierte utfordringar
  • eit triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • gode forsikrings-, pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • inkluderande arbeidsliv
  • velferdsgode som subsidiert trening, trening i arbeidstida, bedriftshytte og gratis parkering

Stillinga har kode 1058 – kontorsjef og er løna etter lønnsregulativet i staten med kr. 640 200 til kr. 704 500 per år avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert. Eit innskot på to prosent til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna.

Generell informasjon

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Difor er det eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å bli unnateken frå søkjarlista. Søkjarar vil bli informerte om dette på førehand.

Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med HR rådgjevar Sylvi Larsen, Sylvi.Larsen@nhh.no, tlf. 55 95 94 49/ 414 48 594.