Det Norske Teatret er landets største teater. Om lag 250 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2019 var nær 1400 av. Vi har 240 tilsette og tar mål av oss til å vere eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå, og gjennom det eit fyrtårn for nynorsken.
ØKONOMI- OG ORGANISASJONSSJEF
Vi opprettar no ei ny stilling som økonomi- og organisasjonssjef som skal leie ei ny avdeling på teateret. Avdelinga skal bidra til ei sameint forvalting av ressursane våre, slik at teateret kan halde fram med å ta kunstnarleg risiko, skape høg kvalitet og tilby eit breitt repertoar, samstundes som vi tar vare på eit framifrå fellesskap og ein sunn økonomi.
Avdelinga får mellom anna ansvar for:
- økonomistyring, framskrivingar, analysar, budsjettering og rekneskap
- innkjøp
- personalpolitikk, arbeidsavtalar og tariffspørsmål
- medarbeidarkommunikasjon og kulturbygging
- organisasjonsutvikling og -kvalitet, under dette etterleving av bransjestandardar, offentlege pålegg og arkiv.
Teatersjefen er øvste leiar på Det Norske Teatret og leiar den kunstnarlege verksemda direkte. På vegner av teatersjefen leiar direktøren administrasjon, kommunikasjon, produksjon og plan, teknikk og eigedomsdrift. Økonomi- og organisasjonssjefen rapporterer til direktøren og er med i leiargruppa på teateret.
Vi ser etter ein tydeleg og lyttande person med leiarerfaring, gjerne frå kulturfeltet, og med relevant høgare utdanning. Noko av utdanninga bør vere av nyare dato. Erfaring med økonomistyring i større verksemder er nødvendig, like eins dokumentert evne til å planlegge over tid og å nå mål. Vi er kravstore nok til å ønske oss ein leiar som både er sjølvgåande og ein god lagspelar, omsynsfull, men likevel med evne til å utfordre. Søkarar bør vere gode i både nynorsk og engelsk og ha høg arbeidskapasitet.
Vi tilbyr:
- ei nøkkelrolle bakom scenane på Noregs største teater
- eit mangfaldig og ambisiøst arbeidsmiljø med utfordrande og varierte oppgåver
- lønn og pensjon etter avtale, scenekunst i rikt monn.
Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke.