Tag Archives: økonomileder Lærdal

Økonomisjef

Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling. I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

Økonomisjef Lærdal kommune

Lærdal kommune har ledig 100 % fast stilling som økonomisjef. Stillinga er nyoppretta i samband med ein pågåande organisasjonsutviklingsprosess. Kommunen har i dag ca. 300 tilsette fordelt på ca. 230 årsverk.

Økonomisjefen skal vere ei god støtte og rådgjevar for kommunen sine tenesteeiningar, kommunedirektøren og den politiske leiinga.

Organisasjonen er i kontinuerleg utvikling, og har eit stort fokus på fleksibilitet og tverrfagleg samarbeid. Oppgåvene må til eikvar tid justerast i forhold til kommunen sine behov.

Me søkjer etter ein utviklingsorientert og fagleg sterk medarbeider, gjerne med erfaring frå tilsvarande arbeid.
Økonomisjefen må kunne kommunisere godt og medverke til samhandling på tvers i organisasjonen. Positivt menneskesyn og evne til å samhandle er ein føresetnad for å lykkast, og det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.

Arbeidsoppgåver

– Fagleg ansvar for kommunen si overordna økonomistyring og finansforvaltning
– Leie og utvikle økonomiavdelinga
– Hovedansvar for økonomiplan, årsbudsjett, rekneskap, årsrapport, og økonomirapportering
– Bistå organisasjonen med innkjøp og anskaffingar
– Systemansvarleg for kommunen sine økonomisystem
– Opplæring og rettleiing av leiarar med budsjettansvar
– Effektiv bruk av IKT-system

Krav til/ønskje om kvalifikasjonar og utdanningsnivå

– Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå
– Erfaring med økonomistyring og budsjettarbeid
– God munnleg og skriftleg fremstillingsevne
– Gode IKT-kunnskapar, herunder økonomi- og lønnssystem

Personlege eigenskapar

– Gode samarbeidsevne
– Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
– Serviceinnstilt
– Utviklings- og løysingssorientert
– Strukturert og nøyaktig

Me kan tilby

– Eit positivt arbeidsmiljø med faglege og personlege høve til utvikling
– Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver

Kommunen nyttar Visma Enterprise, og planlegg i løpet av året implementering av Framsikt.

Tilsettinga skjer etter gjeldende lover, tariffavtalar og reglement, herunder medlemskap i kommunal pensjonsordning med 2 % pensjonstrekk.

Lønn etter avtale.

Attestar og vitnemål kan takast med ved eit eventuelt intervju.

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale om stillingen.

Send søknaden via

Lærdal kommune si heimeside; www.laerdal.kommune.no under fana “ledige stillingar”.