Tag Archives: økonomisjef stranda

Økonomisjef

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca.4.600 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter. Les meir

Økonomisjef

Stranda kommune er organisert etter prinsippet om flat struktur med 17 driftseiningar og stab/støttefunksjon direkte underlagt rådmann.

Stranda kommune har ledig ei utfordrande og interessant stilling som økonomisjef for snarleg tilsetting. Stillinga er plassert i rådmannen sin stab og har det daglege oppfølgingsansvaret for økonomiavdelinga. Avdelinga har 2,8 årsverk.

Økonomisjefen skal legge til rette for god økonomistyring og økonomiforvaltning i Stranda kommune. Vidare skal økonomisjefen ta initiativ, planlegge og gjennomføre omstilling- og utviklingsprosessar innanfor sitt ansvarsområdet.

Økonomisjefen skal vere ei god støtte og rådgjevar for rådmannen og kommunen sitt øvrige tenesteapparat.

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.

Arbeidsoppgåver

  • Strategisk planlegging og rådgjeving for kommunen si politiske og administrative leiing på det økonomiske fagfeltet
  • Fagleg ansvar for kommunen si overordna økonomistyring og finansforvaltning
  • Ansvarleg for økonomiplan, årsbudsjett, rekneskap, økonomiske analyser og økonomirapportering
  • Sakshandsaming etter behov og oppfølging av politiske vedtak
  • Kontroll, tilsyn, rettleiing og intern opplæring innan fagområdet

Kvalifikasjonar

  • Relevant økonomiutdanning på minimum bachelornivå
  • Relevant arbeidserfaring fortrinnsvis frå offentleg sektor
  • Leiarutdanninng og/ eller leiarerfaring
  • Erfaring frå sakshandsaming til politiske utval eller styrande organ
  • Ei løysings- og resultatorientert tilnærming til kommunen sine utfordringar

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og systematisk i forhold til arbeidet
  • Gode samarbeids- og samhandlingsevne
  • Omgjengeleg og godt humør
  •  Ærleg og lojal

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver i eit fagleg godt og triveleg miljø
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Løn og andre vilkår etter nærare avtale
  • Gode pensjons og forsikringsordningar