Tag Archives: Oppvekstsjef Ullensvang kommune

Kommunalsjef oppvekst og utdanning

Ullensvang kommune

– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?

Vil du bli kommunalsjef i Ullensvang kommune?

Ledig 100% stilling som kommunalsjef oppvekst og utdanning

Ullensvang kommune har ledig ei interessant og utfordrande stilling som kommunalsjef oppvekst og utdanning.

Kommunalsjef oppvekst og utdanning er del av rådmannen si leiargruppa, med rådmann som næraste leiar. Kommunalsjef har vidare sektoransvar for oppvekst og utdanning, og har 3 rådgivarar og ein leiar for barnehagene i sin stab.

Kommunalsjef skal legga tilrette for god økonomistyring, tenesteleveransar og leiing av sektoren.

Vi søker ein strukturert person som legg vekt på samarbeid og relasjonsbygging med sine medarbeidarar, har god evne til å ta initiativ og til å gjennomføra omstillings- og utviklingsarbeid innan sektoren.

Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:
Strategisk planlegging og rettleiing for kommunen si administrative og politiske leiing.
Budsjett og økonomiplanlegging i sektoren
Personal-, økonomi og resultatansvar for sektoren
Prosjektoppfølging
Drift, samordning og utvikling av sektoren

Ønska kvalifikasjonar:
Relevant høgare utdanning.
Leiarerfaring.
Ønskeleg med erfaring frå kommunal sektor, men ikkje absolutt krav.
Gode datakunnskaper er naudsynt. Ullensvang kommune nyttar google som arbeidsverktøy.
God forståing av samspelet mellom politisk og administrativt nivå
God munnleg framstilling, og god nynorsk skriftleg. Administrasjonsspråket er nynorsk.
Førarkort kl B og disponere eigen bil

Personlege eigenskapar:
Er ein samlande og tydeleg leiar, med samfunnsengasjement og visjonar for sektoren.
Har pågangsmot, godt humør og er løysingsorientert.
Er trygg og uredd i leiarrolla, ivaretek medvirkning, tek beslutningar og har gjennomføringskraft.
Har gode samarbeidsevner og er ein aktiv bidragsyter mot tilsette og leiarar.
Har god systemforståing, og kunne arbeide strukturert og analytisk.

Vi kan tilby:
Ei strategisk leiarstilling i ein ny kommune med høgt aktivitetsnivå i næringsliv og offentleg forvaltning.
Ei utfordrande stilling med gode høve for fagleg utvikling
Ei viktig og spennande stilling i kommunen.
Kommunale tilsettingsvilkår . Gode pensjons- og forsikringsordningar
Lønn etter avtale

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju i starten av september.

Spørsmål kan rettast til rådmann Ole-Jørgen Jondahl, tlf 975 58 471 eller kommunalsjef oppvekst og utdanning Morten Vevatne, tlf 975 58 405.