I Helsedirektoratet jobbar vi for å styrkje helsa i befolkninga og utvikle gode helse – og omsorgstenester. Vi held til i Oslo og Trondheim.
Pasient- og brukarombod i Møre og Romsdal
Arbeidsområdet til Pasient- og brukarombodet omfattar den offentlege spesialisthelsetenesta og dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Ombodet skal arbeide for å ta vare på behova, interessene og rettsryggleiken til pasientar og brukarar av helse- og omsorgstenesta. Ombodet skal arbeide for å betre kvaliteten på desse tenestene. Pasient- og brukaromboda er organisatorisk og administrativt knytt til Helsedirektoratet. Omboda er fagleg uavhengige og sjølvstendige. Pasient- og brukarombodet i Møre- og Romsdal held til i Kristiansund.
Stillinga er fast og er ei fulltids stilling.
Ved kontoret til Pasient- og brukarombodet i Møre og Romsdal er det tre årsverk i tillegg til ombodet.
Pasient- og brukarombodet tek imot førespurnader frå publikum og informerer om pasient- og brukarrettar, klage- og skadebotordningar. Ombodet gjev hjelp til å formulere klage og deltek i møte mellom pasientar og helsepersonell.
Ansvarsområder og sentrale oppgåver
Tilbakemelding til helse- og omsorgstenesta er ein viktig del av verksemda. Det same gjeld å halde foredrag og anna informasjonsarbeid. Stillinga føreset kontakt med brukarar og tilsette i helse- og omsorgstenesta. Pasient- og brukarombodet er ansvarleg for drifta på kontoret, inkludert ansvar for budsjett, personale og fagleg arbeid.
Den som blir tilsett må rekne med ein del reiseverksemd.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Vi ser etter ein leiar som har vilje og evne til å tenke nytt og utvikle organisasjonen. Du er god til å lytte og finne løysingar i komplekse arbeidsprosessar.
Som leiar i Helsedirektoratet må du ha gode leiareigenskaper og kunne identifisere deg med Helsedirektoratets verdiar om fagleg styrke, openheit og samarbeid samt å etterleve våre leiarkrav. I tillegg har pasient- og brukaromboda eigne verdiar som ombod om å vere klok, kritisk og konstruktiv.
Eksternt er det viktig at ombodet har evne til å gje tydelege tilbakemeldingar, rette merksemd mot svikt og komme med forslag til forbetringar.
Det stillast store krav til at du kan jobbe sjølvstendig og vere initiativtakar.
Du må ha
- utdanning på mastergradnivå eller tilsvarande, helst med juridisk eller helsefagleg kompetanse fleire års erfaring som leiar.
- leiarerfaringa kan også vere frå arbeid utanfor helsesektoren
- god kunnskap om spesialisthelsetenesta og den kommunale helse- og omsorgstenesta
- god kunnskap om pasient- og brukarrettar
- du bør ha god kunnskap om offentleg forvaltning generelt
- erfaring frå og kunnskap om korleis du skal handtere førespurnader frå media
Vi tilbyr
- løn som pasient- og brukarombod (stillingskode 1553) innafor lønnsspennet kr 658 300 – 713 600. For spesielt godt eigna søkarar, kan stillinga lønnast opp til kr 754 900.
- gode ordningar for pensjon, lån og forsikring i Statens pensjonskassegode seniorordningar frå 62 år
- fleksibel arbeidstid
Vi ønskjer deg velkommen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer.
Mangfald i Helsedirektoratet
Dei tilsette i Helsedirektoratet skal representere heile Noregs befolkning, og vi vil ha tilsette med forskjellig alder, kjønn og bakgrunn. Vi ønskjer å legge til rette for tilsette med redusert funksjonsevne.
Offentleggjering av søkarliste
Vi gjer merksam på at opplysing om at du er søkar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. offentlighetsloven § 25.
Ta gjerne kontakt med oss
Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsdirektør Jan Morten Berntsen på telefon 984 92 915, eller Pasient- og brukarombod i Sogn og Fjordane Lisa Førde Refsnes på telefon 917 58 602. Oppgje kunngjeringsnummer 07/2019 om du skriv til oss.