Tag Archives: personalsjef barne- og familiedepartementet

Personalsjef (avdelingsdirektør)

Barne- og familiedepartementet har ansvaret for politikkutforminga på områda barnevern, oppvekst og levekår, barn og unge, familie og samliv, tru og livssyn og for forbrukarpolitikk. Departementet har ca 150 tilsette og er lokalisert sentralt i Oslo.

Plan- og administrasjonsavdelinga arbeider med styring av departementet og samordner departementets arbeid med statsbudsjettet, økonomistyringa i departementet og styringa av underliggjande verksemder.

Avdelinga har og ansvaret for personalpolitikk og organisasjonsutvikling i departementet, interne fellessystem og departementets arbeid med sikkerheit og beredskap. I tillegg har avdelinga felles drifts- og støttefunksjonar for heile departementet. Avdelinga har tre seksjonar: seksjon for personal- og organisasjonsutvikling, seksjon for arkiv og IKT og seksjon for budsjett og styring.

Ledig stilling som avdelingsdirektør i seksjon for personal- og organisasjonsutvikling i Barne- og familiedepartementet (BFD)

Personalsjef (avdelingsdirektør)

Vi søkjer etter personalsjef (avdelingsdirektør) til seksjon for personal- og organisasjonsutvikling. Seksjonen har ansvaret for forvalting og utvikling av heile personal- og organisasjonsfeltet i departementet. Også ansvaret for personvern og sentral kompetanse i arbeidsrett ligg her.

Seksjonen har sekretariatsansvaret for samarbeidsutvalet med tillitsvalde og vernetenesten, har ansvaret for løn og lønsforhandlingar og har ansvaret for kontorstøttefunksjonen for heile departementet. Seksjonen rådgir dei andre avdelingane i einskildsaker innan personalspørsmål.

Avdelingsdirektøren vil ha ansvaret for å leie og utvikle arbeidet i seksjonen, vere personalleiar for åtte medarbeidarar og inngå i leiargruppa i avdelinga. Det kan bli endringar i oppgåvene som er lagt til seksjonen som følgje av prosess om sentralisering av tenester i departementsfellesskapet.

Vi søkjer etter deg som:

  • Har utdanning på masternivå innan samfunnsvitskap eller annan relevant utdanning
  • Er strategisk og analytisk
  • Er utviklingsorientert og tydeleg. Gjerne ha erfaring frå leiing av endringar med gode resultat
  • Er strukturert og ryddig
  • Har erfaring frå, kompetanse i og interesse for statleg personalarbeid
  • Har god relasjonskompetanse og evne til å skape tillit
  • Har gode leiareigenskapar
  • Vil bidra inn i arbeidet i avdelinga utover eige ansvarsområde

Vi tilbyr:

  • Interessante arbeidsoppgåver med gode høve til eigenutvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø med kompetente medarbeidarar
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • God pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse
  • Løn etter Staten sitt regulativ frå 745 000 til 940 000 kroner brutto per år

Om stillinga:

BFD ynskjer som arbeidsgjevar å spegle mangfaldet i samfunnet. Difor oppmodar vi alle kvalifiserte kandidater uavhengig av bakgrunn, til å søkje jobb i departementet. Vi er ei IA-verksemd, og i dette ligg det mellom anna at vi vil sørgje for å leggje til rette arbeidsplassen dersom det er behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan bli oppførte på offentleg søkjarliste sjølv om dei har bedt om konfidensiell behandling. Søkjarar vil i så fall bli varsla før offentleggjering.