Tag Archives: Plan og forvaltningssjef

Plan og forvaltningssjef

Plan og forvaltningssjef

Me søkjer plan og forvaltningssjef i 100 % fast stilling til samfunn og kultur.

Tenesteområde samfunn og kultur består av 4 verksemder, eigedom, plan- og forvaltning, kommunalteknikk og kultur. Tenesteområdet har 160 tilsette.

Plan og forvaltning i Klepp kommune blir leia av plan og forvaltningssjef og har avdelingane byggesak, landbruk, geodata og plan. Plan og forvaltning har 17 årsverk. Kvar avdeling har ein fagansvarleg og plan og forvaltningssjef har personalansvar for desse områda med unntak for landbruk der landbrukssjefen har dette ansvaret.

Klepp kommune er ein kommune i vekst og det er stor aktivitet innanfor dei områda som plan og forvaltning arbeider med. Dei kommande åra vil også bli prega av at det skal byggjast nytt kommunehus. Plan og forvaltning arbeider med varierte problemstillingar og saker der ei rekkje ulike omsyn må sjåast i samanheng.

Plan og forvaltningssjefen vil vera ein del av kommunalsjefen si leiargruppe og ein av fire verksemdleiarar i denne leiargruppa.

Arbeidsoppgåver

  • Personal-, budsjett- og økonomiansvar
  • Utvikling av verksemdområdet for å sikre god forvaltning, ressursbruk og innbyggjardialog
  • Aktiv rolle i overordna planarbeid innanfor tenesteområdet
  • Overordna fagleg ansvar for forvaltningsoppgåver knytt til plan- og bygningslova og ei rekkje andre lover
  • Utgreiingsoppgåver og utarbeiding av politiske saker knytt til samfunnsutvikling
  • Leggje til rette for og utvikle samarbeid internt og eksternt

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning
  • Erfaring frå overordna planarbeid eller andre av fagområda
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeida sjølvstendig
  • Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg

Ønska kompetanse

  • Relevant leiarerfaring frå offentleg eller privat verksemd
  • Kjennskap til og forståing for samspelet mellom administrativt og politisk nivå
  • Ved tilsetjing vil personlege eigeskapar og interesse for området bli tillagt stor vekt, og det er ønskjeleg at søkjar utfyller kompetansen som allereie er i kommunalsjefen si leiargruppe

Personlege eigenskapar

  • Er positivt innstilt med god gjennomføringsevne
  • Har godt overblikk, er systematisk og strukturert
  • Evne til å arbeide i team, men har likevel evnen til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar for eigne vurderinger og avgjerder
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Har god planfagleg forståing
  • Er engasjert, allsidig og løysningsorientert
  • Har god kunnskap om offentlig forvaltning og forståelse for kommunen sin rolle som myndighetsutøver og samfunnsutvikler
  • Har motivasjon og evne til å tilegne seg ny kunnskap

Personlig egnethet vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Utfordrande, varierte og utviklande leiaroppgåver
  • Deltaking i kommunen sitt leiarprogram og nettverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Lønn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid