Tag Archives: ppt sjef Austrheim

PPT-leiar

Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) er i ferd med å løfte seg etter ein periode med økonomiske utfordringar. Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim – både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her. Austrheim inviterer deg til opne landskap – med eit ope sinn! Vi søkjer….

PPT-leiar

Vi søkjer ein person som har vilje og evne til å initiere og vere pådrivar for systematisk utviklingsarbeid, kan vise til gode resultat og vere fleksibel og målretta. Det er viktig å vere støttande og anerkjennande i møte med menneske, vere strukturert og sjølvstendig, samt bidra til god samhandling og tverrfaglegheit. Erfaring frå leiing er ei føremon. Er dette deg? Då ønskjer vi deg som søkjar!

Vi har frå august 2020 ledig 100 % stilling som fagleiar pedaogisk-psykologisk teneste (PPT).

Opplysninger avdeling

PP-tenesta skal hjelpe barn, elevar, lærlingar og vaksne med behov for særskilt tilrettelegging. Hensikta er at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod. Tenestene er regulert i Barnehagelova § 19c og Opplæringslova §5-6, og arbeidet er både individ- og systemretta. PPT skal syte for at det vert utarbeidd sakkunnig vurdering i dei tilfella der regelverket krev det og tenesta skal hjelpe skulen og barnehagen med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling. Vi har høge ambisjonar på vegne av borna våre og forventning om at alle arbeidar til barnets beste og at alle når sitt potensiale.

PP-tenesta har 280 % stilling inkl fagleiar og held til i kommunehuset på Mastrevik. Fedje kommune har avtale om kjøp av tenester frå Austrheim PPT tilsvarande 10 % stilling pr år.

Stillinga som fagleiar PPT er ei kombinert fagleiar- og PP-rådgjevarstilling. Fagleiar har eit heilskapleg, fagleg ansvar for PPT i Austrheim, og særskilt ansvar for systemretta arbeid. I tillegg til kartlegging og utgreiing av barn og unge og rettleiing av personale i barnehage og skule, har leiar ansvaret for samarbeidet med barnehage, skule og helsetenesta. Personal og økonomiansvar vil verte tillagt stillinga.

Kommunen er inne i ein omorganiseringsprosess, slik at oppgåvene og ansvaret kan verte endra og du vil vere viktig i dette arbeidet. Næraste overordna er kommunalsjef oppvekst og kultur.

Arbeidsoppgåver

Fagleiar vil ha den daglege leiinga av tenesta i tråd med verksemdsplanen, med intern rettleiing og prioritering av oppgåver og ressursar innanfor rammene til tenesta. Økonomisk og personalmessig vil fagleiar rapportere til kommunlasjef.
Fagleiar vil ha det faglege hovudansvaret og representere PPT i ulike samarbeidsfora, herunder også samarbeid med Fedje kommune og interkommunalt samarbeid.
Fagleiar vil også vere PP-rådgjevar. PP-rådgjevarane har oppgåvene med sakkunnig utgreiingsarbeid og vurdering av born og vaksne sin rett til spesialundervisning og kva for opplæringstilbod desse elevane kan få størst utbytte av.
Dersom ein har logopedkompetanse, vil denne også vere knytta til helse.
Samarbeid med barnehagar og skular for å leggje opplæringa betre til rette for elevar i skjæringspunktet mellom tilpassa opplæring og spesialundervisning
Evt andre pålagte kommunale oppgåver
Den som vert tilsett må bidra aktivt for å auke læringsutbyttet i skulen og med målretta fokus på læringsmiljø og tilpassa opplæring

Krav til kompetanse

Relevant høgare utdanning, det vert søkt primært etter personar med mastergrad/hovudfag eller embetseksamen innanfor pedagogikk, spesialpedagogikk, psykologi eller tilsvarande
Gjerne utdanning/kompetanse som logoped
Utgreiingskompetanse og erfaring frå arbeid i PPT er ei føremon
Kunnskap om systemretta arbeid
Det vert forventa ei framoverlent tilnærming til arbeidet og stor interesse for fagleg utvikling i tråd med tenesta og kommunen sitt utviklingsarbeid
Du må disponere bil i arbeidet då det må påreknast noko reiseverksemd i stillinga
Relevant leiarutdanning og/eller leiarerfaring

Personlege eigenskaper

Vi ønskjer ein fagleiar med fylgjande kvalifikasjonar:
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Evne til å løyse oppgåver gjennom samarbeid med medarbeidarane
Evne til sjølvstendig arbeid
Er utviklings- og løysningsorientert
Har omstillingsevne og er nytenkjande
God økonomiforståing

Informasjon om stillinga

For nærare opplysningar om stillinga ta kontakt med kommunalsjef Bjørnar Fjellhaug på tlf. 41433375

Den som blir tisett, må leggja fram politiattest ikkje eldre enn 3 månadar.

Vi kan tilby

Spennande og varierte oppgåver knytta til både system – og individarbeid
Stor moglegheit for påverknad, utvikling og involvering
Lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande lover, reglar og avtaleverk
God pensjonsordning, KLP

Søknad vert å senda

Søkjar må bruke det elektroniske søknadsskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000.