Tag Archives: rådgiver NOREC

Analyserådgivar

Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er eit statleg forvaltningsorgan under Utanriksdepartementet. Vi er ein verdibasert arbeidsplass med engasjerte og kunnskapsrike kollegaer i eit dynamisk miljø.

Norec søker rågivar/seniorrådgivar innan analyse

Analyserådgivar

Hovudoppgåva til Norec er å forvalte tilskot til internasjonal utveksling av frivillige og tilsette i organisasjonar, institusjonar og verksemder. Utvekslingane finn stad mellom partnarar i Norge og land i Afrika, Asia og Latin-Amerika. I 2019 var 228 organisasjonar, institusjonar og verksemder frå 24 land involvert i 80 ulike partnarskap. Til saman utveksla desse partnarskapa 615 menneske mellom land i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Norge.

I 2018 opna vi kontor i Førde. Her er vi i ferd med å bygge opp eit nasjonalt kompetansesenter for utveksling, nettverksbygging og utvikling av ungt leiarskap.

Les mer om NOREC på www.norec.no

Om stillingen

Analyserådgivaren er sentral i arbeidet med å verkeleggjere strategien vår. Du vert ein viktig medarbeidar i staben og vil jobbe tett med leiinga og fagrådgivarane. Analyserådgivaren skal ha hand om oppgåver knytt til kunnskapsproduksjon om utveksling som metode, og samle inn data til å framstille resultat av Norec sitt arbeid.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • samle inn data, analysere informasjon og produsere relevant statistikk
  • følge opp Norec sin database for utvekslingsprosjekt
  • gjennomføre, analysere og rapportere på brukarundersøkingar
  • formidle og presentere data og resultat internt og eksternt, både munnleg og skriftleg
  • halde ved like og vidareutvikle Norec sin database for beredskap og prosjektinformasjon
  • gjennomføre opplæring i og legge til rette for registrering og uthenting av informasjon frå databasen
  • andre oppgåver kan komme til stillinga

Kvalifikasjonar

  • erfaring med statistikk og analysearbeid
  • skriftleg og munnleg formidlingskompetanse
  • relevant høgare utdanning innan database, IKT eller analyse
  • relevant erfaring med programmering og styringssystem
  • særs gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • evne til å jobbe sjølvstendig, med god prioriteringsevne

Norec stiller krav til personleg integritet og evne til å syne respekt for andre. Vi legg vekt på å vere personleg eigna.

Vi kan tilby

  • ei spanande moglegheit til å vere med på å utvikle Norec; eit kompetansesenter for utvekslingssamarbeid
  • personleg og fagleg utvikling
  • eit godt arbeidsmiljø med positive og ambisiøse kollegaer
  • høve til bustadlån i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar og fleksibel arbeidstid
  • trening i arbeidstida

Generell informasjon

Stillinga vert lønna etter avtale innanfor statens lønsregulativ som rådgivar/kode 1434 eller seniorrådgivar/kode 1364. Stillingsplassering vil vere avhengig av utdanning og erfaring.

Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse. Frå løna vert det trekt 2 % til Statens pensjonskasse.

Norec legg vekt på mangfald. Vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, om å søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan bli gjort offentlege, sjølv om søkaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkarlista. Søkaren vil bli varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Arbeidsstad: Førde

Tiltreding: 01.01.2021 eller etter avtale

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med:

Avdelingsdirektør Morten Rørvik, telefon 91 00 55 09

Seksjonsleiar verksemdstyring Anne Lise Bekjorden, telefon 99 28 43 45

HR-ansvarleg Christine Tellnes, telefon 92 80 83 48

Rådgivar/seniorrådgivar verksemdstyring

Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er eit statleg forvaltningsorgan under Utanriksdepartementet. Vi er ein verdibasert arbeidsplass med engasjerte og kunnskapsrike kollegaer i eit dynamisk miljø.

Norec søker rådgivar/seniorrådgivar innan verksemdstyring

Rådgivar/seniorrådgivar verksemdstyring

Hovudoppgåva til Norec er å forvalte tilskot til internasjonal utveksling av frivillige og tilsette i organisasjonar, institusjonar og verksemder. Utvekslingane finn stad mellom partnarar i Norge og land i Afrika, Asia og Latin-Amerika. I 2019 var 228 organisasjonar, institusjonar og verksemder frå 24 land involvert i 80 ulike partnarskap. Til saman utveksla desse partnarskapa 615 menneske mellom land i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Norge.

I 2018 opna vi kontor i Førde. Her er vi i ferd med å bygge opp eit nasjonalt kompetansesenter for utveksling, nettverksbygging og utvikling av ungt leiarskap.

Norec lyser no ut stilling som rådgivar/seniorrådgivar innan verksemdstyring med særleg ansvar for vårt antikorrupsjonsarbeid.

Les mer om NOREC på www.norec.no

Stillinga er sentral i arbeidet med å gjennomføre strategien vår, samstundes som Norec oppfyller interne og eksterne krav til etikk, kontroll og antikorrupsjon. Stillinga er plassert i seksjon for verksemdstyring, men du vil og jobbe mykje med programseksjonane i Norec.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • fagleg ansvar for antikorrupsjonsarbeid, inkludert opplæring av Norecs eigne tilsette og våre samarbeidspartnarar
  • sikre finansiell monitorering av tilskot slik at dette følger krav til kvalitetssikring og kontroll
  • utvikle og følge opp prosedyrar og rutinar for interne styringssystem og intern økonomistyring/forvaltning
  • gjere økonomigjennomgang av partnarar og følge opp deira økonomiforvaltning
  • hjelpe programavdelinga i deira økonomiarbeid overfor prosjektpartnarane
  • drive opplæring i god økonomistyring- og kontroll med partnarorganisasjonar

Norec stiller krav til personleg integritet og evne til å syne respekt for andre. Vi legg vekt på å vere personleg eigna.

Det er ein del reiseverksemd i stillinga.

Kvalifikasjonar

  • ønskeleg med erfaring frå liknande stilling frå verksemd med internasjonalt nedslagsfelt
  • ønskeleg med erfaring innan økonomi
  • solid kunnskap om aktuelt lovverk innan internkontroll, etikk og antikorrupsjonsaktivitetar
  • erfaring med rådgiving, opplæring og formidling
  • relevant høgare utdanning innan juss og/eller økonomi, gjerne mastergrad
  • særs gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • evne til å jobbe sjølvstendig, med god prioriteringsevne

Vi kan tilby

  • ei spanande moglegheit til å vere med på å utvikle Norec; eit kompetansesenter for utvekslingssamarbeid
  • personleg og fagleg utvikling
  • eit godt arbeidsmiljø med positive og ambisiøse kollegaer
  • høve til bustadlån i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar og fleksibel arbeidstid
  • trening i arbeidstida

Generell informasjon

Stillinga vert lønna etter avtale innanfor statens lønnsregulativ som rådgivar/kode 1434 eller seniorrådgivar/kode 1364. Stillingsplassering vil vere avhengig av kompetanse og erfaring.

Vi tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse. Frå løna vert det trekt 2 % til Statens pensjonskasse.

Norec legg vekt på mangfald. Vi oppmodar difor alle som er kvalifiserte, om å søkje stillinga utan omsyn til kjønn, alder, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan bli gjort offentlege, sjølv om søkaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkarlista. Søkaren vil bli varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Arbeidsstad: Førde

Tiltreding: 01.01.2021 eller etter avtale.