Tag Archives: rehabiliteringssenteret AiR

Arbeidskonsulent

AiR i Oslo– det digitale rehabiliteringssenteret

Vil du vere med og utvikle noko heilt nytt?

Frå 1. januar 2023 etablerer me eit heilt nytt tilbod, der VR og ulike digitale løysingar skal gjere den tverrfaglege ekspertisen av legar, fysioterapeutar, arbeidskonsulentar, psykologar og idrettspedagogar ved AiR i Rauland tilgjengeleg for nye grupper, i første omgang i Oslo.

Til dette treng me to nye drivande dyktige medarbeidarar, som vil vere sentrale i å utvikle og drive det nye tilbodet, saman med leiaren av AiR digital, fagmiljøet i Rauland og innovasjonsavdelinga. Den eine stillinga er

Arbeidskonsulent for AiR digital

Arbeidskonsulenten skal ha ansvar for kartlegging knytt til arbeid, undervisning og rettleiing om arbeid og utdanning, koordinering av kontaktar med NAV, OT, arbeidsgjevarar, fastlegar og andre tilsvarande aktørar, og utvikling av deltakarane sine planar for retur til utdanning arbeid eller utdanning.

Me ser etter ein med fagleg bakgrunn innan pedagogiske fag, sosialfag eller helsefag, og med solid praktisk erfaring frå rettleiing knytt til utdanning og arbeidsliv. Anna fagbakgrunn kan og vere relevant.

Alle som jobbar med AiR digital må ha

· erfaring frå tverrfaglege arbeids- og helsetenester

· interesse for og kompetanse innan utviklings- og innovasjonsarbeid

· interesse for og helst kompetanse om digitale arbeids- eller helsetenester, og gjerne kjennskap til VR

· evne å leie seg sjølv, vere sjølvdrivande og i stand til å løyse og gjennomføre oppdrag

· erfaring med å leie andre menneske, både i grupper og individuelt

· god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Arbeidsstaden vil vere sentralt i Oslo sentrum. Dei tilsette må rekne med kortare opphald i Rauland for opplæring og kompetanseutvikling.

Løn etter avtale.

Kontakt: Solveig Svardal 901 80 594 eller Åse Hylland 35 06 29 16

Tilsetting etter avtale, gjerne så snart som mogleg.

Rehabiliteringssenteret AiR jobbar for å få menneske som har falle ut av arbeidslivet, står i fare for å gjere det eller aldri har kome inn, i arbeid, trass helseplager.

Senteret er eitt av landets mest spennande og innovative fagmiljø når det gjeld digitale helsetenester, og det leiande fagmiljøet i landet innan arbeidsretta rehabilitering, er ein del av spesialisthelsetenesta og jobbar tverrfagleg med eit heilheitleg perspektiv på helse og arbeid.

Ved klinikken vår i Rauland har me i løpet av 35 år hjelpt snart 25 000 menneske med samansette helseutfordringar.

Assisterande leiar AiR-klinikk

Rehabiliteringssenteret AiR er ein unik, landsdekkande institusjon i spesialisthelsetenesta. Senteret ligg 800 m.o.h i Rauland, i fagre omgjevnadar. AiR-klinikk tilbyr landsdekkande døgnbasert rehabilitering, hovudsakleg for personar med helseutfordringar som er utanfor eller står i fare for å falle ut av arbeidslivet. Dette har vore hovudverksemda sidan starten i 1986.

Assisterande leiar AiR-klinikk

Vil du vera med i leiinga av ein unik og utviklingsorientert klinikk?

AiR-klinikk skal vera fagleg i front, og jobbar målretta og strategisk med kvalitets- og utviklingsarbeid. Klinikken er, saman med Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering, ein del av Rehabiliteringssenteret AiR as. Senteret er difor ein unik, nasjonal institusjon i spesialisthelsetenesta.

Stillinga som assisterande leiar av klinikken krev evne til langsiktig planlegging, handlekraft, gode evner til samhandling og til å handtere ein innhaldsrik kvardag.

Arbeidet inneber medansvar for dagleg styring og leiing i tett samarbeid med leiar for klinikken, eit særskilt ansvar for oppfylging av HR-saker, bemanning, rekruttering og andre oppgåver.

Det er ynskeleg med relevant leiarerfaring og gjerne helsefagleg bakgrunn. Personlege eigenskapar vert vektlagt.

AiR tilbyr eit triveleg og engasjerande miljø, løn etter avtale, gode pensjons- og person forsikringsordningar og kan hjelpe til med å skaffe bustad.

For meir informasjon, ta kontakt med direktør Svein Kostveit, 480 37 560 eller leiar administrasjon Jon Hovda 35062800.

For meir info om AiR-klinikk: www.rehabilitering.no. 

Leiar for AiR-klinikk

Vil du vera leiar for ein unik og utviklingsorientert klinikk?

Stillinga som leiar for AiR-klinikk på Rauland i Telemark vert ledig frå august 2018.

Me ynskjer oss ein engasjert leiar, med arbeidsglede, leiarerfaring og engasjement for fagfeltet arbeidsretta rehabilitering. Det er ynskeleg med solid erfaring og helsefagleg bakgrunn.

Meir informasjon om stillinga finn du på www.rehabilitering.no.

AiR-klinikk skal vera fagleg i front, og jobbar målretta og strategisk med kvalitets- og utviklingsarbeid. Klinikken er, saman med Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering , ein del av Rehabiliteringssenteret AiR as. Me er difor ein unik, nasjonal institusjon i spesialisthelsetenesta.

AiR-klinikk tilbyr landsdekkande døgnbasert rehabilitering, hovudsakleg for personar med helseutfordringar som er utanfor eller står i fare for å falle ut av arbeidslivet.

For nærare opplysingar, kontakt direktør Svein Kostveit på tlf. 35 06 28 00 eller e-post: svein.kostveit@air.no