Tag Archives: rektor sogn og fjordane

Rektor – 2. gongs utlysing

Høyanger kommune ligg ved Sognefjorden i Sogn og Fjordane fylke. Kommunen er ein kraft- industri og jordbrukskommune i storslagen natur: Fjell, fjord, vatn, elvar og skog. Kommunen har ca 4300 innbyggarar der ca 2000 bur i tettstaden Høyanger. Det er gode skule- og barnehagetilbod i heile kommunen, og gode anlegg for innandørs-, sommar- og vinteridrett med både idrettsanlegg og badeanlegg som ligg sentralt i Høyanger tettstad/eigen symjehall i Lavik. Vi har gode kommunale tilbod innan kulturskule og bibliotekteneste og i tillegg eit rikt aktivitetstilbod som vert gjeve av frivillige lag og organisasjonar.

Rektor – 2. gongs utlysing

Høyanger skule er ein fulldelt 1 – 10 skule med 325 elevar, 50 årsverk og SFO- ordning med 90 born. Kommunen og skulen deltek i eit pilotprosjekt med Sogn og Fjordane fylkeskommune og Høyanger vidaregåande skule om eit samanhangande opplæringsløp 1-13. Skulen treng ny rektor i 100 % stilling frå 01.08.2018

Hovudoppgåver:

  • Ansvar for fagleg og administrativ drift
  • Ansvar for utvikling av skulen som lærande organisasjon og at måla blir nådde
  • Inngår i kommunen sitt skulefaglege leiarforum saman med rektorar og inspektørar ved dei andre skulane

Vi ønskjer søkjarar som:

  • Har god innsikt i det faglege og pedagogiske arbeidet
  • Har godkjend undervisningskompetanse til å arbeide i grunnskulen
  • Utøver tydeleg leiarskap
  • Har evne til å kommunisere godt internt og eksternt
  • Er serviceinnstilt og løysningsorientert
  • Har erfaring frå skuleleiing
  • Tek rektorutdanning dersom dette manglar
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt

Vi kan tilby:

  • Godt og kreativt arbeids- og læringsmiljø
  • Interessante og spennande arbeidsoppgåver
  • Løn etter avtale
  • Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ
  • Hjelp til å skaffe kommunal bustad

For nærare opplysningar om stillinga, kontakt kommunalsjef oppvekst Stig Engen, tlf 57 71 15 62/
99 21 93 66.

Det er krav om politiattest ved tilsetjing.

Søknad via vårt elektroniske søknadssenter

Merk søknaden med sak 18/96.

Søknadsfrist: 11.03.18

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.