Tag Archives: rektor vestland

Rektor ved Kaland barne- og ungdomsskule

Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) er i ferd med å løfte seg etter ein periode med økonomiske utfordringar. Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim – både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her. Austrheim inviterer deg til opne landskap – med eit ope sinn! Vi søkjer….

Rektor ved Kaland barne- og ungdomsskule

Er du klar for ei spennande og utviklande leiarstilling? Oppvekstsektoren og skulestrukturen i Austrheim er i endring, og du vil som rektor vere viktig i å realisere gode oppvekstvilkår for borna og ungdomen vår. Då vår noverande rektor går av med pensjon til sommaren treng vi ein dyktig rektor i 100 % stilling til Kaland barne- og ungdomsskule. Stillinga er ledig frå og med 01.08.20, men det er mogleg å tiltre tidlegare.

Vil du vere med å påverke framtida og vidareutikle skulen? Har du klare tankar om kva som skapar ein god skule og greier å omsetje dette i praksis? Då vil vi svært gjerne at du søkjer!

Opplysninger avdeling

Kaland barne- og ungdomsskule er ein 1-10 skule med 135 elevar skuleåret 2019/2020. Det er 25 tilsette ved skulen, av
dei er 20 pedagogisk personale. Administrasjonsressursen for inneverande skuleår på 120% er delt på rektor og inspektør. Skulen har kontormedarbeidar i 50% stilling. Rektor har kommunalsjef som næraste overordna. To rektorar utgjer kommunen si rektorgruppe. Rektor vil også ha eit samarbeid med styrar i Kaland barnehage og vere aktivt med i oppvekstutviklinga i kommunen.

Skulen har symjebasseng, og eit skulebibliotek som er samlokalisert med folkebiblioteket sin filial.

Austrheim kommune er ein Realfagkommune. Rektor er skulen sin administrative og pedagogiske leiar og har eit
sjølvstendig ansvar for fag, personale og økonomi ved Kaland barne- og ungdomsskule og SFO. Skulen har ei aktiv
foreldregruppe som er ein viktig samarbeidspartnar i skulekvardagen.

Stillinga som rektor er 100 % leiarstilling og du får stor innflyting på organisering av skulekvardagen.

Skulen satsar på å ha eit godt opplæringsmiljø for alle elevane våre. Det betyr tilpassa opplæring, fokus på trygt
skulemiljø og høg fagleg kompetanse med vekt på god vurdering.

Utanom Fagfornyinga har skulen desse satsingsområda:
– skulen har vore ein PALS-skule i 10 år
– systematisk arbeid med dei grunnleggjande ferdighetane
– realfag og digital kompetanse
– vidare arbeid med god vurderingspraksis

Arbeidsoppgåver

Ansvar for administrativ, pedagogisk og fagleg drift av skulen
Ansvar for å leie medarbeidarane si læring og utvikling
Sørgje for høg kvalitet på kjerneverksemda til skulen, både faglege resultat og skulemiljø
Leggje til rette for, og ta iniativ til eit godt skule-heim samarbeid
Samarbeide tverrfagleg med interne og eksterne teneste
Arbeide for eit godt arbeids- og skulemiljø
Sørgje for forsvarleg drift i medhald til lov og føresegner, sentrale og lokale føringar
Sentral i vidareutviklinga av Kaland skule og i utviklingsarbeidet til kommunen

Krav til kompetanse

Vi søkjer ein rektor som har:
Relevant fagleg og pedagogisk utdanning og kompetanse
Relevant leiarutdanning og/eller leiarerfaring
Erfaring frå undervisning eller administrativt arbeid i skulen
God kjennskap til grunnskulen og relevant lovverk
God kunnskap om bruk av digitale verktøy i skulen
God økonomisk forståing

Personlege eigenskaper

Vi ønskjer ein rektor med fylgjande kvalifikasjonar og personlege eigenskapar vert vektlagt:
Du er positiv og nytenkjande, og har ein tydeleg og inkluderande leiarstil
Du er god på å byggje tillitsrelasjonar til elevar, foreldre og tilsette
Du har gode relasjonelle eigenskapar og byggjer tillit både internt og eksternt.
Du har gode samarbeidsevner og er løysningsorientert
Du har høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
Du er samlande, inspirerande og arbeidar målretta med skuleutvikling
Du fremjar meistring gjennom å utfordre og ansvarleggjere medarbeidarane
Du har fagleg autoritet og har evnen til å utvikle eit godt læringsmiljø og læringsutbytte for elevar og tilsette

Informasjon om stillinga

For nærare opplysningar om stillinga ta kontakt med kommunalsjef Bjørnar Fjellhaug på tlf. 414 33 375.

Den som blir tisett, må leggja fram politiattest ikkje eldre enn 3 månadar.

Vi kan tilby

Ein variert og interessant jobb i ein framoverlent kommune
Stor moglegheit for påverknad, utvikling og involvering
Stort handlingsrom innanfor eige ansvarsområde
Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, regler og avtaleverk
God pensjonsordning, SPK

Søknad vert å senda

Søkjar må bruke det elektroniske søknadsskjemaet som ligg på kommunen sine nettsider, www.austrheim.kommune.no. Spørsmål om korleis du søkjer kan rettast til servicekontoret på tlf. 56162000