Tag Archives: samskapingssjef

Avdelingsleiar samskaping og digitalisering

Kommunane Fjell, Sund og Øygarden vert ein kommune frå januar 2020. Kommunen får namnet Øygarden. Straume skal vera kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Den nye kommunen vil få nærare 40.000 innbyggjarar og om lag 2 500 tilsette. Nye Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Den nye kommunen har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Nye Øygarden kommune har tilsett fem kommunalsjefar til områda Organisasjon og digitalisering, Økonomi, Oppvekst, Helse og velferd og Kultur og samfunn.

Avdelingsleiar samskaping og digitalisering

Det vert no lyst ut etter Avdelingsleiar for Samskaping og digitalisering innan kommunalsjef området Organisasjon og digitalisering.

I arbeidet med å nå dei strategiske måla for Nye Øygarden kommune skal det etablerast ei avdeling Samskaping og digitalisering under eininga Utvikling. Vi søkjer difor etter ein avdelingsleiar som ønskjer å byggja, utvikla og drifta denne avdelinga. Vi treng ein modig, framtidsretta og nytenkande leiar med høg gjennomføringskraft som vert motivert av å finna smarte, berekraftige og effektive løysingar for framtida. Stillinga krev ein god relasjonsbyggjar til å bygge opp den nye avdelinga slik at den er rett dimensjonert og har rett fagleg samansetting. Den nye leiaren skal utfordra dagens struktur, kultur, fagmiljø og arbeidsvanar for å finna nye vegar som kan skapa framtidsretta løysingar som er berekraftige og effektive. Leiaren må difor ha gode kunnskapar om blant anna samskaping, prosjektstyringsmodellar kunstig intelligens, automatisering, verksemdsarkitektur, stordata, analyse m.m. Avdelingsleiaren får eit særskilt ansvar med å utforma strategiar for digitalisering og prosjektoppfølging, i samråd med resten av organisasjonen i eininga og elles. Utvikling og kommunalsjefområdet Organisasjon og digitalisering. Det skal utformast handlingsplanar, planprogram, og eksterne samarbeidsrelasjonar, der fokus skal vera på brukarbehov/innbyggjarbehov, innovasjon og samskaping på tvers. Avdelingsleiaren vil få eit overordna fag- og personalansvar, og vil rapportera til stabsleiar for Utvikling.

Arbeidsoppgåver

Personal- og fagansvar
Utarbeide strategi for digitalisering og samskaping
Medverka til god verksemdsutvikling og -styring
Rådgjeving og utviklingstøtte
Medverka til heilskapleg, langsiktig, strategisk og tverrfagleg utvikling
System for porteføljestyring
System og metodar for prosjektstyring og finansiering
Samarbeide med private og offentlege aktørar, og frivillige lag-
og organisasjonar i tenesteutviklinga
Andre oppgåver kan verte lagt til avdelinga

Kvalifikasjonar for stillinga

Relevant høgare utdanning frå høgskule- eller universitetsnivå – mastergrad eller høgare.
Brei og relevant leiarerfaring.

Andre Krav

Visjonær – samfunnstrendar og teknologisk utvikling.
Gode samarbeidsevner.
Gode servicehaldningar internt og eksternt.
Erfaring frå å byggja opp eit nytt fag-/tenesteområde.
Erfaring frå prosjektleiing og endring- og omstillingsprosessar

Personlege egenskaper

Evne til å byggja relasjonar gjennom involvering og medverknad.
Evne til å skapa tydelege forventningar, gje støtte, utvikla og inspirera sine medarbeidarar.
Evne til å arbeida målretta og systematisk.
Gode kommunikasjonsevner.
Ha fokus på brukarar og service.
Stor arbeidskapasitet med evne til å prioritera og delegera.
Er utviklingsorientert, nysgjerrig og initiativrik.
Godt humør og pågangsmot.
God kompetanse for samskaping og prosjektstyring.
God kunnskap om kunstig intelligens, automatisering, verksemdsarkitektur, stordata og analyse.

Søknad

Nye Øygarden kommune ber alle søkjarar å søkja på stillingar elektronisk. For ytterlegare informasjon og rettleiing
kring søknadsprosessen ta kontakt med servicetorget på tlf: 56 38 20 00.

Arbeidstakarar vert tilsette i kommunen på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtaler.
Medlemskap i pensjonsordning. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.

Me gjer merksam på at jfr. Offentlighetsloven § 25 kan opplysningar om søkjar vert gjort offentleg sjølv om søkjar har
oppmoda til ikkje verta ført opp i postjournal. Søknad om å verta unnateke offentligheita må vere grunngjeven. Dersom
søknaden ikkje vert teken til følgje vil søkjar verta varsla om dette.

Rett kopi av attestar og vitnemål skal ikkje sendast inn, men vert teken med ved evt. intervju