Tag Archives: sande kommune

Økonomileiar

Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30–45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle. 

Økonomileiar

Sande kommune har ledig stilling som økonomileiar – ei spanande stilling med gode konkurransevilkår. Stillinga som økonomileiar har overordna ansvar for økonomi- og budsjettstyring i kommunen. Administrasjonen i Sande kommune er i ein omorganiseringsprosess. Det vil gje gode utviklingsmoglegheiter for rett kandidat.

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg ansvar for kommunens overordna økonomistyring og finansforvaltning
  •  Årsbudsjett og økonomiplan
  • Ansvar for rekneskap og årsavslutning
  • Bistå kommunedirektør og dei tenesteytande einingane innan økonomiområdet
  •  Analysearbeid og prosessutvikling
  • Prosjektstøtte investering
  • For rett kandidat kan ansvarsområde utvidast

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå
  • Erfaring med økonomistyring og budsjettarbeid
  • Gode IKT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  •  Utviklings- og løysingsorientert
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og tverrfagleg
  • Positiv og ytande

Vi tilbyr

  • Spanande og allsidige arbeidsoppgåver
  • Gode utviklingsmoglegheiter
  • Godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • Konkurransedyktige vilkår til stillinga
  • Løn etter avtale