Tag Archives: seksjonsleder IKT-Drift

Seksjonsleiar for seksjon Server- og applikasjonsdrift

Kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund skal danne ein ny kommune frå 01. januar 2020. Kommunen skal heite Ålesund. Den blir den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen vil ha rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen blir ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet, vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er nye Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Seksjonsleiar

IKT-Drift, seksjon Server- og applikasjonsdrift

100 % fast stilling ledig for tiltreding etter avtale.

Avdeling for IKT drift i stabsområde for Teknologi og Innovasjon, søkjar no etter fleire dyktige medarbeidarar. Vi er i dag 34 medarbeidarar fordelt på tre seksjonar; Brukarstøtte, Server- og applikasjonsdrift og Infrastruktur. Vi søkjer etter ein Seksjonsleiar for Server- og applikasjonsdrift. Denne seksjononen forvaltar systemarkitektur, integrasjoner og sentrale IT- og fagsystem basert på mellom anna Vmware, Dell VxRail, MS Windows Server / SQL, MS Identity Manager, Microsoft 365, SCCM, Airwatch, IBM Spectrum Protect, Visma, ACOS, CGM og NOIS.

Arbeidsoppgåver
  • Operasjonell leiar av seksjonen med personalansvar.
  • Forvalte IT-system og applikasjonar med krav til høg oppetid.
  • Utvikling og oppfølging av arbeidsprosessar og rutinar.
  • Oppfølging og koordinering av bestillingar til seksjonen.
  • Prosjektkoordinering.
  • Oppfølging mot leverandører.
  • Fagkompetanse innanfor eit eller fleire av seksjonen sine ansvarsområder.
Kvalifikasjonar
  • Erfaring med personalleiing og IT-leiing på strategisk og operativt nivå.
  • Erfaring frå prosjekt- og prosessleiing.
  • Erfaring med ITIL-metodikk.
  • Gjerne erfaring frå LEAN metodikk.
  • Relevant IKT fagleg erfaring.
  • Relevant utdanning på høgskule/universitetsnivå.
  • Flytande i norsk munnleg og skriftleg, samt beherske engelsk.
  • Førarkort for bil.
Personlege eigenskapar
  • Trygg i leiarrolla.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Fokus på utvikling av medarbeidarar.
  • Strukturert, kvalitets- og løysingsorientert.
  • Legg til rette for samhandling.
  • Brennande interesse for IKT- faget
  • Flytande i norsk munnleg og skriftleg, samt beherske engelsk.
Vi tilbyr
  • Eit godt arbeidsmiljø med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.
  • Engasjerte kollegaer med brei kompetanse og sjølvstendigheit innanfor sitt ansvarsområde.
  • Gode mulegheiter for fagleg og personleg utvikling.
  • Løn etter kvalifikasjonar.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Medlemskap i KLP.