Tag Archives: seksjonsleder operasjon helse møre og romsdal

Seksjonsleiar – Operasjon – Ålesund sjukehus

Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere “På lag med deg for helsa di.” Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no

Seksjonsleiar – Operasjon – Ålesund sjukehus

Avdeling for anestesi og operasjon Ålesund og Volda – Klinikk for akuttbehandling.

Operasjonsavdelinga ved Ålesund sjukehus har ledig fast 100% stilling som seksjonsleiar frå 01.07.2018

Seksjonsleiar er direkte underlagt avdelingssjef, er ein del av leiinga ved avdelinga
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål til stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • Seksjonsleiar har ansvar for dagleg drift og utvikling av seksjonen i nært samarbeid med avdelingssjef.
  • Seksjonsleiar har ansvar for at seksjonen vert drive i samsvar med gjeldande lover/føreskrifter, interne retningsliner og innanfor økonomiske rammer
  • At arbeidet skjer i samsvar med dei faglege standarar og kvalitetskrav som til ei kvar tid gjeld
  • Seksjonsleiar har eit samla personal-, budsjett og fagleg ansvar for seksjonen, og skal sikre bemanning og drift etter gitte rammer.
  • Seksjonsleiar skal leggje til rette for god kvalitet og fagleg utvikling også med fokus på standardisering.
  • Seksjonsleiar må ha fokus på utvikling og motivering av medarbeidarar.
  • Seksjonsleiar må vise initiativ og innsats for utvikling av heile avdelinga, klinikken og føretaket.

Kvalifikasjonar

  • Primært ønskjer vi ein operasjonssjukepleiar, men sjukepleiar med leiar utdanning/erfaring kan også søke.
  • Kjennskap til bruk av relevante IT-verktøy
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Omstillingskunnskap og gjennomføringsevne
  • Godt innsyn i pasientlogistikk knytt til pasientforløp
  • Kjennskap til økonomi- og personaloppfølgjing
  • Leiarerfaring kan vere ein fordel, men personlege eigenskapar vert lagt vekt på

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer ein leiar som er synleg og tydeleg for sine tilsette og avdelinga
  • Er opptatt av og veit kva som skal til for å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Er engasjert og har stor arbeidskapasitet
  • Målbevisst
  • Resultatorientert
  • Gode kommunikasjonseevner

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale/kvalifikasjoner.
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25).Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no