Tag Archives: seksjonsleder Radiologi Ålesund og Volda

Seksjonsleiar radiologiske legar

Seksjonsleiar radiologiske legar, Radiologi Ålesund og Volda

Klinikk for diagnostikk – Helse Møre og Romsdal HF

Vil du vere med å utvikle framtida sine helsetenester saman med oss i Helse Møre og Romsdal? 
Vi søkjer seksjonsleiar for radiologiske leger Ålesund og Volda.
Klinikken og avdelinga er inne i en spanande utviklingsperiode og vil i løpet av 2022 skifte fleire modalitetar, mellom anna SPECT/CT, angio/intervensjonslab, CT, planlegging av nytt areal for MR og CT i Volda, ta i bruk nye modaliteter (som t.d. PET/CT) samt satse på forsking og kunstig intelligens.
Seksjon for radiologiske legar er organisert under Avdeling for radiologi Ålesund og Volda som er en del av Klinikk for diagnostikk. Seksjonen har 16 overlegestillingar og 9 LIS.
Vi har modalitetar innan generell røntgen, CT, MR og UL. I Ålesund har vi i tillegg angio/intervensjonslab, nukleærmedisin med PET/CT og SPECT/CT samt brystdiagnostisk senter.
Helse Møre og Romsdal har mange spanande prosjekt på gang der klinikken og avdelinga er delaktig i utviklinga, mellom anna bygging av nytt akuttsjukehus på Hjelset (SNR), utvikling av akutt, operasjon og intensiv i Ålesund og nytt akuttmottak i Volda. Nytt journalsystem, Helseplattformen innførast 2. kvartal 2023.

Sunnmøre er eit eldorado av fjordar, fjell, vakre byar, historie, kulturliv og aktivitetar både for vaksne og born. På Sunnmøre vil du trivast!
Sjå også: https://www.visitmr.com/sunnmore

Vil du vere med på vinnerlaget for å skape helsetenester for pasientane våre, i eit spannande miljø? Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

  • Leiaransvar for radiologiske legar, inkludert ansvar for personale, økonomi, HMS og drift
  • Samarbeid med seksjonsleiarar radiologi Ålesund og radiologi Volda
  • Samarbeide med dei andre avdelingane i klinikken, andre sjukehusinterne einingar og eksterne aktørar
  • Utvikle seksjonen og lage kompetanseplan
  • Rekruttering
  • Medlem av avdelingsråd Radiologi Ålesund og Volda
  • Andre oppgåver delegert frå og definert av Avdelingssjef radiologi Ålesund og Volda
  • Du må rekne med reiseverksamheit mellom avdelingane i Ålesund og Volda

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som radiolog eller nukleærmedisinar er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Interesse for endringsleiing, organisasjonsutvikling, strategi og innovasjon
  • God relasjonskompetanse og delegeringsforståelse som gir evne til å motivere og lede gjennom andre.
  • Samarbeidsevne internt i egen avdeling og med andre interessentar i føretaket.
  • Evne til å motivere medarbeidarar på individ og gruppenivå.
  • Erfaring frå spesialisthelseteneste er ønskelig. Optimalt ønsker vi ein radiolog i stillinga som også vil fungere som medisinskfagleg ansvarleg dersom avdelingssjef ikkje er lege

Personlege eigenskapar

  • Leiareigenskap og interesse for leiing
  • Interesse for faget og utvikling av dette
  • Motivert og framtidsretta
  • Strukturert, analytisk og løysningsorientert
  • Omstillingsevne
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og målretta med arbeidsoppgåver
  • Evne til å jobbe i team
  • Høg arbeidskapasitet og tåler høgt arbeidstempo i periodar.
  • Gode samarbeidsevner og personlege eigenskaper vil bli sterkt vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit høgt faglig miljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande overeinskomst og arbeidsreglement

Tilsetting etter avtale.

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!

Vi ønsker leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede ann i utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt. Vi gir deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling gjennom leiargruppa di – slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?

Vi minner om at du kan få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Vi vurderer ei slik oppmoding og tar kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal