Tag Archives: seksjonsleiar i Fagstøtte NAV

Søk jobb i vakre Sogn – spanande leiarstilling ledig

NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

NAV består av 19 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

For å kunne levere best mogleg tenester er det viktig med mangfald i rekrutteringa. Vi oppmodar derfor personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV-en til å søkje jobb hos oss. Vi legg arbeidsforholda til rette for deg viss du har behov for det. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no.

Vi søker utviklingsorientert seksjonsleiar

NAV Økonomiteneste er ein intern tenesteleverandør for lønns- og rekneskapstenester til alle NAV sine statlege einingar. Dette inneber mellom anna utbetaling av 450 mrd. kroner i årlege ytingar, samt rettleiing for etaten sine 11 300 tilsette. NAV sitt rekneskap utgjer 1/3 av statsbudsjettet, og NAV Økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i NAV. Eininga består av 88 tilsette fordelt på tre seksjonar og er lokalisert i Leikanger, Vestland fylke.

Er du ein allsidig og dyktig leiar som trivst å jobbe med strategi, organisasjon og tenesteutvikling? Då kan dette vere rette jobben for deg. Som seksjonsleiar i Fagstøtte vil du få ansvar for ei spanande og variert oppgåveportefølje.
Seksjonen har ansvar for fleire av tenestene NAV Økonomiteneste (ØT) leverer til heile NAV, mellom anna informasjon, opplæring og kundesenteret vårt. Seksjonen koordinerer ØT sine utviklingsaktiviteter i stort, og har bygd opp eit tverrfagleg miljø som mellom anna nyttar teknologi aktivt for å effektivisere og forbetre arbeidsprosessar. Ansvar for interne strategi- og organisasjonsprosessar, samt andre fellesfunksjonar for ØT høyrer også til seksjonen.
Som seksjonsleiar er ei sentral oppgåve å sørge for gode og effektive tenester, og vi ser no etter deg som særleg kan styrke og profesjonalisere vårt kundesenter. For å få til dette må du vere ein god pådrivar, som tek initiativ, har gjennomføringskraft og skapar engasjement.
Med deg på laget får du ein engasjert og utviklingsorientert gjeng, som jobbar i høgt tempo, i eit ope og livleg samarbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver

  • Sikre effektiv og stabil drift av seksjonen
  • Personalansvar
  • Deltakar i direktøren si leiargruppe
  • Utvikling av NAV Økonomiteneste som tenesteleverandør

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad innan økonomi, leiing, administrasjon eller anna relevant utdanning. Brei erfaring kan kompensere for noko lågare utdanning
  • Leiarerfaring
  • Kunnskap om og erfaring frå tenesteutvikling og endringsleiing
  • Særs gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Personlege eigenskapar

  • Nytenkande og løysingsorientert
  • Ansvarsbevisst med god gjennomføringskraft
  • God relasjonsbyggjar
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Fast stilling som seksjonssjef og gode lønnsvilkår (lønn frå kr.744 600 til kr.817 000). For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
  • Ein spennande jobb med eit viktig samfunnsoppdrag, i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Faglege utfordringar og moglegheita til å bidra i utviklinga av våre tenester
  • Gode arbeidstidsordningar med fleksitid og treningstime i arbeidstida
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse