Tag Archives: seksjonsoverlege helse bergen

Seksjonsoverlege – Fødeseksjon ved Kvinneklinikken

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Seksjonsoverlege – Fødeseksjon ved Kvinneklinikken

Vi søkjer ein framtidsretta seksjonsoverlege som er opptatt av leiarskap og som ønskjer å bidra til vidare utvikling av fødeseksjonen.

Kvinneklinikken har som mål at vi til ei kvar tid tilbyr pasientane våre den aller beste behandling og oppfølging. For å lykkast med dette satsar vi på vidare utvikling av pasienten si helseteneste, kvalitetsarbeid, pasientsikkerhet, forsking og systematisk fagleg utvikling. Vi legg stor vekt på samarbeid med kommunane og brukarane for å tilby gode, koordinerte tenester

Vi jobbar etter visjonen om at vi skal vere eit fyrtårn for kvinnehelse i Noreg. Vi har som mål å gje eit fagleg høgverdig tilbod og sikre brukarmedverknad innan fødselshjelp og kvinnesjukdommar til kvinner i vårt nedslagsfelt.

Legane hos oss er fordelt i fem seksjonar; fødeseksjon, seksjon for fostermedisin og ultralyd, seksjon for generell gynekologi, seksjon for assistert befruktning og seksjon for gynekologisk kreft. Vi har til saman ca. 420 tilsette, av desse er det 27 overlegar og 13 stillingar for lege i spesialisering. Som seksjonsoverlege vil dine næraste samarbeidspartnarar vera dei andre leiarane i seksjonen. Samarbeidet med dei andre seksjonsoverlegane i klinikken vil også vera viktig. Det er forventa at du arbeider i team saman med avdelingsjordmødrene på seksjonen for å sikre god drift og utvikling.

Det er stor vitskapleg aktivitet ved Kvinneklinkken og det er sju legar som er tilsett ved Universitetet i Bergen, ei i hovudstilling. Alle legane hos oss deltek i den kliniske undervisinga av både medisinstudentar, andre studentar og LIS-legar. Klinikken har ca. 5000 fødslar per år og det er stor aktivitet på alle seksjonar. Vaktsystemet er pt. firesjikta. Seksjonsoverlegen rapporterer og er del av leiargruppa til klinikkdirektør ved Kvinneklinikken.

Om 5 år flyttar Kvinneklinikken for første gong sidan 1926
Vi både er og blir i endring fram til vi flyttar inn i nye bygg. Vi har eit omfattande samarbeid med mange avdelingar ved Haukeland universitetssjukehus og er med i planlegginga av det nye Barne- og ungdomssjukehuset (BUS). Nye bygg gjer det mogeleg å tenkje nytt også om innhaldet i huset, slik at vi vidareutviklar pasienten si helseteneste i samarbeid med brukarane.

Vi søkjer ein seksjonsoverlege som med sin veremåte bidrar til eit positivt og godt miljø for utvikling og teamarbeid. Du er ein engasjert, ansvarleg og løysingsorientert leiar som ønskjer å bidra til at Kvinneklinikken sine ressursar blir forvalta til det beste for alle pasientane våre, og for heile regionsjukehuset.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for utvikling av fødeseksjonen i tett samarbeid med medarbeidarane, leiarane og brukarane våre
  • Ansvar for fødeseksjonen sine mål og resultat, sikre god drift gjennom å utvikle rutinar og prosesser, i fellesskap med medarbeidarane, dei andre leiarane på seksjonen og brukarane.
  • Medansvar for klinikken sine overordna mål og resultat. Vere ein god rollemodell i forhold til sjukehuset sin visjon, mål og verdiar
  • Medansvar for god samhandling på tvers av fagområder i og utanfor klinikken
  • Delta i klinisk arbeid og vakt avhengig av eigen kompetanse og interessefelt
  • Ansvar for å leggje til rette for forsking, undervisning, fagutvikling og kontinuerlig forbetringsarbeid inklusiv brukarmedverknad
  • Medisinsk fagleg rådgivar for klinikkdirektør innan fagfeltet fødselshjelp
  • Ansvar for dagleg oppfølging av drift med dag-til-dag styring av ressursbruken
  • Bidra i prosjektarbeid mellom anna knytt til at Kvinneklinikken skal flytte

Kvalifikasjonar

  • Medisinsk embetseksamen, spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdommar
  • Gjerne leiarerfaring og/eller -utdanning
  • Erfaring som overlege, eventuelt innan spesifikt interessefelt
  • Erfaring og/eller interesse innan undervisning, opplæring og brukarmedverknad
  • Erfaring i kvalitet- og forbetringsarbeid
  • Erfaring frå endringsprosessar og/eller kunnskap om endringsleiing
  • Interesse og helst erfaring innan forsking
  • Kunnskap om spesialisthelsetenesta
  • Den som blir tilsett må meistre norsk skriftleg og munnleg

Utdanningsretning

  • Medisin
  • Utdanningstittel: Spesialist i gynekologi og obstetrikk

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Personlege eigenskapar

  • Faglig sterk, engasjert og fleksibel
  • Er analytisk og strategisk med god organisasjonsforståing
  • Opptatt av godt samarbeid, å bidra til gode løysingar med eit overordna perspektiv.
  • Er fleksibel i forhold til oppgåver og strukturert i forhold til innhald
  • Opptatt av å gjere medarbeidarane gode. Har fokus på å skape og å bidra til eit godt og lærande arbeidsmiljø
  • God formidlingsevne og har ein involverande arbeidsform ovanfor medarbeidarar og brukarar
  • Er resultatorientert og tek avgjersler til det beste for heile avdelinga

Språk

  • Norsk

Vi tilbyr

  • Ei unik mogelegheit for å vere med på å utvikle og følgje opp morgondagens helseteneste i eit variert og breitt fagmiljø.