Tag Archives: seksjonssjef lønn

Seksjonssjef – lønn

Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU)

NMBU har et særlig ansvar for forskning og utdanning som sikrer livsgrunnlaget for fremtidige generasjoner. Bærekraft er forankret i alt vi gjør og vi leverer kunnskap for livet.

NMBU har 1900 ansatte, hvorav om lag 300 stipendiater, 6700 studenter og er organisert i sju fakulteter

For NMBU er godt arbeidsmiljø preget av mangfold. Vi oppfordrer kvalifiserte kandidater til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vært utenfor arbeidslivet en periode. Arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for personer med nedsatt funksjonsevne

Nærmere opplysninger om NMBU finnes på www.nmbu.no

Er du vår nye lønningssjef som tenker sikker drift og forvaltning, men som samtidig evner å tenke endring og nye løsninger?

Seksjonssjef – lønn

Ved Økonomiavdelingen – Lønnsseksjonen er det ledig fast stilling som seksjonssjef. Seksjonen består av 8 fast ansatte dyktige og dedikerte medarbeidere som du vil ha personalansvar for. Stillingen inngår i økonomi­direktørens ledergruppe.

Vi vil ha deg som tenker sikker drift og forvaltning, men som samtidig evner å tenke endring og nye løsninger. Du er tett på og motiverer både egne ansatte og resten av organisasjonen til å ta i bruk nye løsninger innenfor fagområdet.

Seksjonens ansvarsområder er bl.a.

  • Fagansvar for lønnsområdet
  • lønnsregnskapet med tilhørende avstemning, kontroll og periodiske oppgaver
  • systemansvar for lønnssystemet som er mastersystem for NMBU
  • oppfølging av trygderefusjoner og foreldrepenger.
  • opplæring og veiledning av ansatte innenfor fagområdet
  • videreutvikling av systemer og forbedring av prosesser
  • digitalisering og automatisering av prosesser
  • månedlig lønnskjøring samt rapportering og dialog mot offentlige etater

I tillegg til spennende oppgaver kan vi tilby

  • En arbeidsplass med godt og ivaretakende arbeidsmiljø med kolleger som er nysgjerrig på ulike perspektiver og erfaringer
  • Utfordrende oppgaver innenfor et viktig samfunnsområde
  • Fleksibel arbeidstid
  • Arbeidsplass på en av Norges fineste campus
  • Ansattfordeler som trening i arbeidstiden, bedriftsidrettslag, hytteleie m.m.
  • Innskudd til Statens pensjonskasse

Arbeidsoppgaver

Dine viktigste ansvarsområder og arbeidsoppgaver vil være:

  • Lede seksjonen, samt være en aktiv deltager i ledelsen av økonomiavdelingen gjennom økonomidirektørs ledergruppe og samhandling med andre enheter ved NMBU.
  • Være en sparringspartner og en aktiv bidragsyter innen alle enhetens arbeidsoppgaver og utviklingsprosjekter
  • Være pådriver for kontinuitet og faglig utvikling i enheten
  • Delta i det daglige lønnsarbeidet i seksjonen

Kompetanse:

Det kreves:

  • ­Relevant høyere utdanning, fortrinnsvis på masternivå. Relevant erfaring kan erstatte deler av utdanningskravet.
  • Minimum 3-5 år ledererfaring,
  • Relevant arbeidserfaring
  • God muntlig og skriftlig fremstillingsevne både på norsk og engelsk

Det er ønskelig med:

  • erfaring med lønnsarbeid i offentlig sektor
  • erfaring med endringsledelse

Vi ønsker at du:

  • har utpreget samarbeidsevne og erfaring fra teamarbeid
  • har erfaring med digitaliseringsprosesser
  • kan vise til prioriterings- beslutnings- og gjennomføringsevne, samt har erfaring med endringsprosesser
  • god økonomiforståelse

Personlige egenskaper vil bli tillagt stor vekt.

Lønns- og tilsettingsvilkår og nærmere opplysninger

Stillingen innplasseres i stillingskode 1211 Seksjonssjef (ltr. 75-83) (NOK 715 900 – 896 500) avhengig av kvalifikasjoner. Ved spesielt kvalifiserte søkere kan høyere lønn vurderes.

Nærmere opplysninger ved økonomidirektør Hans Chr. Sundby, tlf. 67 23 06 00 / 48 24 46 76.

Informasjon til søkere

Slik søker du:

Søknad sendes elektronisk via linken ”Søk stillingen” øverst på denne siden. CV skal fylles ut elektronisk i Jobb Norge.

Legg ved vitnemål og eventuelle attester.

Om avdelingen

Lønnsseksjonen er en del av Økonomiavdelingen ved NMBU og holder til på det vi mener er Norges vakreste campus på Ås, ca. 30 min. syd for Oslo.

Seksjonen består i dag av åtte ansatte med variert og bred kompetanse og erfaring og høyt engasjement for lønnsarbeid.

Seksjonssjefar

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) er statens fagorgan for økonomistyring, gode grunnlag for avgjersler i for statlege tiltak, organisering og leiing i staten, samt for innkjøp i offentleg sektor. Vi leverer lønns- og rekneskapstenester til rundt 90 prosent av statsforvaltinga og har også ansvaret for statsrekneskapen og statens konsernkontoordning.

Vi skal bidra til effektiv ressursbruk i staten gjennom kompetansetiltak, rådgiving, fellestenester og utvikling av metodar og verktøy. Vi har om lag 650 tilsette fordelt på Oslo, Stavanger, Trondheim og Harstad. Les meir på dfo.no.

Spennande leiarstillingar innanfor lønnsområdet

Seksjonssjefar

Vil du bidra til å effektivisere lønnstenestene i staten? Då har vi stillinga for deg.

DFØ Stavanger veks, og i dei lyse og moderne lokala våre i Stavanger sentrum jobbar det no rundt 240 medarbeidarar i eit uformelt og fagleg ambisiøst miljø. Lønnsdivisjonen har ansvar for å levere lønnstenester til andre statlege verksemder ved bruk av mellom anna SAP-HR. I dag nyttar i underkant av 90 prosent av alle statlege verksemder denne løysinga, og kvart år leverer vi lønnstenester til over 200 000 lønns- og honorarmottakarar. Framover vil vi òg tilby systemløysingar innanfor HR til statlege verksemder. Vi er langt framme i bruk av ny teknologi, og har samla eit av Nordens mest kompetente fagmiljø i lyse og moderne lokale i Stavanger sentrum.

Vi søkjer to seksjonssjefar til nyoppretta seksjonar, seksjon for lønnstenester og seksjon for utvida lønnstenester, i avdeling lønnsfag. Avdelinga er ansvarleg for å levere korrekt lønnsresultat og gi fagleg brukarstøtte og rettleiing ut frå gjeldande regelverk. Vi har eit sterkt fagmiljø som arbeider med driftsrelaterte oppgåver, fagrettleiarar og applikasjonskonsulentar som bidreg til å drifte og vidareutvikle løysingane våre. SAP-HR ligg i botnen av alt vi gjer, men vi har også integrert andre løysingar og arbeider såleis med fleire teknologiar og flater.

Om stillingane

Lønnsdivisjonen har mykje spennande på gang med funksjonsutvikling av DFØ-app og sjølvbeteningsportal. Vi jobbar også med å vidareutvikle RPA og chatbot, samt å utvikle integrasjonar og grensesnitt. Vi har ei matriseorganisering knytt til utvikling og prosjekt, og seksjonane bidreg med ressursar til fleire av desse initiativa. Utover personaloppfølging vil ei av dei viktigaste oppgåvene til seksjonssjefen vere å balansere ressursbehova til drifts-, utviklings- og prosjektarbeidet ved å sikre at vi leverer i samsvar med avtalar med kundane. Samtidig er seksjonen ein pådrivar for moderne prosessar med brukarvennlege løysingar innanfor lønnsområdet.

I DFØ Stavanger får du jobbe i eit uformelt miljø der deling av kunnskap og kompetanse er ein føresetnad for å lykkast saman. DFØ er i stadig utvikling, og det fører til spennande oppgåver og gode høve til utvikling for medarbeidarane våre. Seksjonssjefen får personalansvar for omtrent 20 medarbeidarar og vil rapportere til avdelingsdirektør.

Arbeidsoppgåver

  • ha personalansvar for og ansvar for vidareutvikling av medarbeidarane i seksjonen
  • sikre driftsleveranse i samsvar med avtale med kundane
  • ha ei pådrivarrolle i standardiserings-, digitaliserings- og utviklingsarbeidet
  • ha budsjettansvar for eigen seksjon
  • følge opp kundar og bidra i møter med eksisterande og potensielle kundar
  • bidra til å vidareutvikle seksjonen, avdelinga og divisjonen i samarbeid med avdelingsdirektøren og dei andre leiarane i lønnsdivisjonen
  • samarbeide effektivt med andre einingar i DFØ
  • vere ein pådrivar for god kundebehandling og jobbe for løysningar som kjem seksjonen og kundane til gode

Kvalifikasjonskrav

Du må ha:

  • relevant utdanning på universitets- eller høgskulenivå. Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • relevant leiarerfaring, fortrinnsvis med personalansvar
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • god økonomi- og forretningsforståing
  • god forståing av teknologilandskap og evne til å sjå korleis prosessar heng saman teknisk

I tillegg er det ønskjeleg at du har:

  • erfaring med å jobbe i prosessar og prosjekt som inkluderer systemutvikling
  • erfaring med SAP-HR

Personlege eigenskapar

Du må like å arbeide i ein kompleks organisasjon og vere ein pådrivar for å skape gode resultat og eit attraktivt arbeidsmiljø. Du tek ansvar, har høg fagleg integritet, og utfordrar prosessar for å skape betre løysingar på tvers av fagfelt. Du er konstruktiv, har ei positiv haldning og er løysingsorientert både i dialog med kundar og i interne samarbeidsdiskusjonar. Du klarer å ha mange ballar i lufta samtidig og tek dei rette vala når arbeidsoppgåver skal prioriterast.

Vi ønskjer oss ein initiativrik person som brenn for å levere driftsoppgåver med god kvalitet til rett tid, og som samtidig er ein pådrivar for å utnytte moglegheitene som digitalisering og teknologi gir oss. Du trivst i eit uformelt miljø og bidreg til ein fagleg delingskultur og samarbeider på tvers av fagfelt. Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner er derfor ein føresetnad. Det er òg viktig at du klarer å sjå samanhengen og heilskapen i eit landskap med mange komplekse detaljar.

Kva tilbyr vi deg?Vi tilbyr

​​​​​​Som seksjonssjef vil du få spennande oppgåver i ei eining i vekst. Vi tilbyr fleksibel arbeidstid, gode sosiale ordningar, høve til vidareutdanning og ei god pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse. Kontoret har tradisjon for å gjennomføre ei rekkje sosiale aktivitetar som bidreg til eit godt og stabilt arbeidsmiljø.

Stillinga vil bli plassert som seksjonssjef med lønn mellom 643 000 og 817 000 kroner per år, avhengig av kompetanse og erfaring. Frå lønna blir det trekt 2 prosent til Statens pensjonskasse.

Ved tilsetjing er det seks månaders prøvetid. Den som får tilbod om stillinga, må leggje fram ein utvida politiattest.

DFØ legg vekt på mangfald, og vi oppfordrar derfor alle til å søkje jobb, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Du er velkommen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Lokala våre er universelt utforma, og vi legg til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Les meir om godene i staten.

Mangfald i DFØ

I DFØ trur vi at mangfald gir oss fleire bein å stå på, breiare perspektiv og dermed evne til å handtere utfordringar på ein betre måte. Vi er sikre på at medarbeidarar med ulik livserfaring og ulike fagkombinasjonar vil gjere oss i stand til å løyse oppdraga våre på enda fleire gode måtar. Vi oppfordrar derfor alle som er kvalifiserte, til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er velkommen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Lokala våre er universelt utforma, og vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn kan du bli positivt særbehandla om du krysse av for det når du søkjer på denne stillinga.

Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse kategoriane til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.

Spørsmål om stillinga?

Dersom du ønskjer ytterlegare informasjon om stillingane, kan du ta kontakt med divisjonsdirektør Bjørn Sæstad på mobil 924 18 311.

Meir informasjon om DFØ finn du på heimesida vår www.dfo.no.

Alle som søkjer stillinga, må gjere det elektronisk via rekrutteringsportalen Jobbnorge. Vitnemål og attestar, som du må leggje ved søknaden, kan du hente direkte frå vitnemålsportalen til Jobbnorge. Dersom du har utdanning frå utlandet, tilrår vi å leggje ved ei autorisert omsetjing av vitnemål og godkjenning frå NOKUT.

Andre opplysningar

Alle som søkjer stillinga, må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift hentar du frå Vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT. Hugs at søknaden berre blir vurdert på grunnlag av informasjonen som ligg føre når søknadsfristen går ut. Det er viktig at du viser korleis kompetansen din oppfyller kriteria som er beskrivne i annonsen.

Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er gått ut. Om du ber om å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste må du grunngi dette spesielt i søknaden. Du vil bli varsla om reservasjonen ikkje blir tatt til følge.