Tag Archives: skulesjef

Skule- og oppvekstansvarleg

Bykle kommune har om lag 970 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 18 mil til Stavanger (sommar) og 30 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er Bykle, medan Hovden er eit godt utbygd turistsenter. Barnehagen, skulen og SFO er godt utbygd. Vi har og vidaregåande skule. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter, med mellom anna godt utbygde anlegg vintersportsenteret Hovden. 

Skule- og oppvekstansvarleg

Er du ute etter ein spennande jobb?

Bykle kommune søker ein utviklingsorientert skule- og oppvekstansvarleg til kommunedirektørens stab. Skule- og oppvekstansvarleg skal drive med sakshansaming generelt og innanfor skule og barnehage spesielt. Dette kan vere sakshansaming knytte til enkeltbarn, elevsaker, enkeltvedtak, inntak, vedtekter med meir. Skule- og oppvekstansvarleg  må kunne gjennomføre resultatanalyse og brukarundersøkingar på eining og kommunenivå og hjelpe med å omsetje analysane til i strategidokument og planarbeid. Vidare vere ein sparringspartner for leiarane om resultat, pedagogisk utvikling og praktiske tiltak på einingane

Arbeidsoppgåver

  • Kontaktperson ovanfor statleg mynde og statsforvaltar
  • Kontaktpunkt mellom brukarrepresentantar og andre samarbeidspartnarar
  • Vere kommunen sitt tilsynsorgan for skulane og barnehagane
  • Vere skule- og barnehageansvarleg for barnehage, grunnskule og vaksenopplæring
  • Samhandle med tenesteleiarane om kompetanseutvikling i barnehage og skule, følgje opp desentralisert kompetanseheving
  • Ansvar for den kulturelle skulesekken
  • Sakshandsaming
  • Informere om skule- og barnehagefagleg utvikling, lover og forskrifter, kurs og kompetansetiltak
  • Delta i regionalt samarbeid om barnehage og skule
  • Følje opp skuleeigar sitt system, system for skulebasert vurdering og tilstandsrapport for grunnskulen
  • Vere kommunen sin representant i vertskapssamarbeidet om barnevern og PPT
  • Oppgåver innan oppvekstreformen
  • Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga.

Kvalifikasjonar

  • Relevant pedagogisk høgskule eller universitet utdanning
  • Undervisningskompetanse og erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid
  • Kjennskap til sentrale styrande dokument for skule og barnehagesektoren
  • Kjennskap til målesystem i skulesektoren og evne til å analysere resultat.

Personlege eigenskapar

  • Vere ein pådrivar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Kunne jobbe sjølvstendig og strukturert
  • Det blir lagt vekt på at den som blir tilsett er personleg eigna.

Vi tilbyr

  • Spennande og utfordrande stilling i Bykle kommune med mange dyktige og trivelege kollegaer
  • Meiningsfylte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Utvikling og fagleg påfyll
  • Løn etter avtale
  • God pensjons- og forsikringsordningar
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Flyttegodtgjersle etter eige reglement
  • Bedriftsleilighet i Kristiansand

Det vert kravd politiattest for tilsetting i stillinga.

Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering
Vi ønsker ikkje kontakt med annonseseljarar