Tag Archives: stabssjef solund

Stabsleiar

Stabsleiar

Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden som dei siste åra har opplevd positiv utvikling i folketalet. Vi har eit godt utvikla tenestertilbod i kommunesenteret Hardbakke med m.a. skule, barnehage og butikksenter. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen. Solund er eit eldorado for friluftsaktivitetar på sjø og land, til dømes kajakkpadling og fotturar.

Solund kommune har ledig fast stilling i 100% som stabsleiar med overordna ansvar for servicekontor/arkiv, IKT, frivilligsentral og bibliotek. Organisasjonen er i forandring og ansvarsområda kan endra seg etter kvart.

Arbeidsoppgåvene er svært varierte og stillinga krev difor fleksibilitet. For at du skal trivast må du vere utviklingsorientert, positiv og god til å samarbeide på tvers av einingar. For å handtere leiarrolla vil det vere ein fordel med kompetanse eller erfaring innan relevante ansvarsområde.

Solund kommune har som mål å ligge i framkant med IKT-arbeidet, både internt og ut mot innbyggjarane. Vi ynskjer difor å auke datakunnskapen blant tilsette og samtidig ta i bruk nye digitale løysingar som kan gjere oss meir effektive. Stabsleiaren vil vere ei viktig pådrivar i dette arbeidet.

Arbeidsoppgåver som vil ligge til stillinga er mellom anna:
• Ha fagleg, økonomisk og personalansvar for eininga
• Vere delaktig i å utvikle og optimalisere interne rutinar og prosessar
• Ansvar for kommunen sitt interne IKT-arbeid i samarbeid med det interkommunale selskapet SySIKT
• Utarbeide og følgje opp rutinar for informasjonstryggleik/GDPR
• Ansvar på overordna nivå når det gjeld innkjøpsrutinar og innkjøpsavtalar
• Valansvarleg ved kommune-, fylkes- og stortingsval
• Diverse sakshandsaming
• Er med i administrasjonssjefen si leiargruppe
• Er fungerande administrasjonssjef når administrasjonssjef ikkje er til stades

Ynskjelege kvalifikasjonar
• Høgare utdanning på minimum bachelornivå
• Erfaring frå leiande stilling i offentleg eller privat virksomhet
• Erfaring frå, eller kjennskap til, offentleg sektor/offentlege prosessar
• Kompetanse innan økonomi og IKT
• God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne

Personlege eigenskapar:
• Evne til å leie, motivere, prioritere og delegere
• Evne til å sjå heilskap og mogelegheiter
• Er utviklingsorientert, samarbeidsvillig og positiv
• Er strukturert og tydeleg

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjinga

Språk
Nynorsk vert nytta som arbeidsspråk.

Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta frå offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Løns- og tilsetjingsvilkår
Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
For stillingar i Solund kommune gjeld ei prøvetid på 6 månader.
Administrasjonssjefen er næraste overordna til stillinga.
Startdato etter avtale.

Vi tilbyr:
Ei spanande stilling med ansvarsfulle og varierte oppgåver
Løn etter avtale
Faglege utfordringar
God pensjonsordning i KLP
IA-bedrift
Hjelp med å finne bustad