Tag Archives: stranda kommune

Økonomisjef

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca.4.600 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter. Les meir

Økonomisjef

Stranda kommune er organisert etter prinsippet om flat struktur med 17 driftseiningar og stab/støttefunksjon direkte underlagt rådmann.

Stranda kommune har ledig ei utfordrande og interessant stilling som økonomisjef for snarleg tilsetting. Stillinga er plassert i rådmannen sin stab og har det daglege oppfølgingsansvaret for økonomiavdelinga. Avdelinga har 2,8 årsverk.

Økonomisjefen skal legge til rette for god økonomistyring og økonomiforvaltning i Stranda kommune. Vidare skal økonomisjefen ta initiativ, planlegge og gjennomføre omstilling- og utviklingsprosessar innanfor sitt ansvarsområdet.

Økonomisjefen skal vere ei god støtte og rådgjevar for rådmannen og kommunen sitt øvrige tenesteapparat.

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.

Arbeidsoppgåver

  • Strategisk planlegging og rådgjeving for kommunen si politiske og administrative leiing på det økonomiske fagfeltet
  • Fagleg ansvar for kommunen si overordna økonomistyring og finansforvaltning
  • Ansvarleg for økonomiplan, årsbudsjett, rekneskap, økonomiske analyser og økonomirapportering
  • Sakshandsaming etter behov og oppfølging av politiske vedtak
  • Kontroll, tilsyn, rettleiing og intern opplæring innan fagområdet

Kvalifikasjonar

  • Relevant økonomiutdanning på minimum bachelornivå
  • Relevant arbeidserfaring fortrinnsvis frå offentleg sektor
  • Leiarutdanninng og/ eller leiarerfaring
  • Erfaring frå sakshandsaming til politiske utval eller styrande organ
  • Ei løysings- og resultatorientert tilnærming til kommunen sine utfordringar

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og systematisk i forhold til arbeidet
  • Gode samarbeids- og samhandlingsevne
  • Omgjengeleg og godt humør
  •  Ærleg og lojal

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver i eit fagleg godt og triveleg miljø
  • Fleksibel arbeidstidsordning
  • Løn og andre vilkår etter nærare avtale
  • Gode pensjons og forsikringsordningar

Kommunalsjef helse og omsorg

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca.4.600 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter. Les meir

Kommunalsjef helse og omsorg

Er du ein strategisk og samlane toppleiar som vil vere med å utvikle gode helse- og omsorgstenester i Stranda kommune?

Stranda kommune søkjer etter kommunalsjef for helse og omsorg frå 1.5.2019. Vår nye kommunalsjef vil ha eit heilskapleg leiaransvar, inkludert fag-, økonomi-, personal- og utviklingsansvar for 6 einingar som omfattar legeteneste inkl. legevakt, helsestasjon, fysioterapi, sosialteneste inkludert barnevern, eining for habilitering/ rehabilitering, heimeteneste, omsorgsbustadar og sjukeheim.

Kommunen er organisert med eit rådmannsnivå og eit einingsnivå. Kommunalsjefen for helse og omsorg vil vere ein del av rådmannen si toppleiargruppe saman med kommunalsjef for oppvekst og kommunalsjef for plan og utvikling.

Vi søkjer ein kommunalsjef som får det beste ut av medarbeidarane sine og er utviklings- og løysingsorientert. Det vert særleg lagt vekt på gode leiareigenskapar, relasjonskompetanse og evne til å delegere ansvar og mynde.

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato før tiltreding.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Dersom du har spørsmål eller treng rettleiing kontakt servicekontoret tlf. 70 26 80 00.

Arbeidsoppgåver
  • Fagleg, økonomisk og administrativ leiing av tenesteområdet
  • Styre, samordne, utvikle og effektivisere drifta av tenesteområdet
  • Medverke til samarbeid og samskaping på tvers av fagområde og tradisjonelle skillelinjer og utvikle nye løysingar til beste for innbyggjarane
  • Representere rådmann i politiske møteorgan
  • Personalansvar for einingsleiarar på tenesteområdet og rådmannskontakt i alle einingar
  • Saksbehandling og arbeidsoppgåver etter rådmannen si avgjerd
  • Etablere og følgje opp rutinar og system som skal sikre god verksemdstyring, god internkontroll og rette tenester til innbyggjarar og brukarar
  • Forenkle og digitalisere arbeidsprosessar
  • Utvikle ein arbeidskultur som fremjar læring, samskaping, nytenking, innovasjon og mestringsorientert leiing
Kvalifikasjonar
  • Har relevant høgare utdanning
  • Har relevant erfaring frå området
  • Har leiarerfaring, leiarutdanning og motivasjon til å vere leiar. Dersom ein manglar formell leiarutdanning vert det forventa at dette vert gjennomført
  • Har erfaring med å arbeide opp mot eit politisk system og kunnskap om kommunal forvaltning
  • Har god rolle-, system- og organisasjonsforståing
  • Er oppdatert på nasjonale mål og relevant lov- og avtaleverk
  • Har erfaring frå utgreiings og prosjektarbeid
  • Har kunnskap om risikostyring og metodikk for kontinuerleg forbetring
  • Har kunnskap om forenkling og digitalisering av arbeidsprosessar
  • Har gode kommunikasjons og formidlingsevne munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
  • Er sjølvstendig og har gjennomføringsevne
  • Er utviklings og resultatorientert
  • Har strategisk analytiske evner
  • Evne til å motivere og gi retning
  • Evne til å sjå og nytte handlingsrommet innan tenesteområdet og kommunen som heilskap
  • Evnar å delegere å gjere medarbeidarar kompetente og ansvarlege
  • Har god relasjonell kompetanse og evne til å skape lagånd og godt samarbeid
Vi tilbyr
  • Ei spennande toppleiarstilling
  • Høve til å vidareutvikle gode helse og omsorgstenester
  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • God pensjons- og forsikringsordning