Tag Archives: stryn kommune

Einingsleiar pleie- og omsorgstenester, område Vikane

Stryn kommune med sine om lag 7 200 innbyggjarar er sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord / Søre Sunnmøre. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Det er gode kommunikasjonar med Oslo, Bergen, Ålesund og Trondheim. Flyplass er Ørsta – Volda eller Sandane med reisetid ca. 1 time.

Einingsleiar pleie- og omsorgstenester, område Vikane

Er du ein engasjert og samlande leiar som ynskjer nye utfordringar og ein spennande arbeidskvardag? Ynskjer du å vere med å jobbe strategisk og konkret med utvikling av gode tenestetilbod? Brenn du for auka kvalitet, innovasjon og effektiv ressursutnytting i kommunale pleie- og omsorgstenester? Då må du søkje på einingsleiarstilling hos oss!

Stilling som einingsleir pleie- og omsorgstenester, område Vikane, er ledig frå 01.04.21.

Eininga er organisert under helse- og sosialetaten og du vil ha kommunalsjef som næraste leiar. Du er ein del av helse og sosial si leiargruppa ilag med dei 3 andre einingsleiarane samt leiarane for barnevernteneste, flyktningteneste og NAV. Pleie- og omsorgstenester i Stryn er delt i 2 geografiske områder. Eininga for område Vikane omfattar 2 institusjonsavdelingar, heimesjukepleieteneste, praktisk bistand i heimane, reinhald, kjøkkendrift og dagsenter. Det er 4 avdelingsleiarar i eininga.

Einingsleiar har kontorstad ved Vikane omsorgssenter.

Arbeidsoppgåver

Som einingsleiar har du det overordna ansvaret for personal, budsjett og tenesteproduksjon i di eining, her under beredskapsarbeid og internkontroll. Einingsleiar har ansvar for at tenestene er av god kvalitet og i henhald til gjeldane lover og reglar. Einingsleiar er medlem av tildelingsnemnda der du er med å tildeler kommunale tenester. Som einingsleiar tek du ansvar både for eiga verksemd og for heilskapen.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på høgskule og/eller universitetsnivå
  • Leiarutdanning
    • Leiarerfaring kan erstatte formell utdanning men då med krav om å ta leiarutdanning
  • Relevant erfaring frå drift av større organisasjonar/verksemder samt forståing og interesse for fagområdet
  • Kjennskap til kommunal drift og budsjettarbeid er ein fordel
  • God digital kompetanse
  • God munnleg og skriftleg språkkunnskap

Du må ha:

  • God rolle-, system og organisasjonsforståing
  • Oppdatert kunnskap om nasjonale mål og relevante lover og forskrifter
  • God forståing for økonomi- og budsjettarbeid, samt rapporteringsarbeid
  • God forståing av systematisk plan- og forbetringsarbeid
  • Fokus på brukarmedverknad og involvering i tenesteytinga

Personlege eigenskapar

  • Engasjere og motivere dei tilsette til å yte gode tenester med optimal kvalitet
  • Samarbeide på tvers av avdelingar og områder for utvikling av eit godt tenestetilbod
  • Ta initiativ og initiere faglig utvikling i eininga
  • Utvikle tenestene i tråd med nasjonale og lokale planar og strategiar
  • Tileigne deg nyttig erfarings- og forskningsbasert kunnskap og kunne vidareføre i eit heilskapleg utviklingsperspektiv
  • Leie eininga gjennom endringsprosessar

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Spennande, mangfaldige og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Kompetente kollegaer i godt arbeidsmiljø Gode pensjonsordningar

Einingsleiar Miljø- og velferdstenester

Stryn kommune med sine om lag 7 200 innbyggjarar er sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord / Søre Sunnmøre. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Det er gode kommunikasjonar med Oslo, Bergen, Ålesund og Trondheim. Flyplass er Ørsta – Volda eller Sandane med reisetid ca. 1 time.

Einingsleiar Miljø- og velferdstenester

Vi har ledig spennande stilling som – Einingsleiar Miljø- og velferdstenester

Er du ein engasjert og samlande leiar som ynskjer nye utfordringar og ein spennande arbeidskvardag? Ynskjer du å vere med å jobbe strategisk og konkret med utvikling av gode tenestetilbod? Brenn du for auka kvalitet, innovasjon og effektiv ressursutnytting i kommunal tenesteyting? Då må du søkje på einingsleiarstilling hos oss!

Stilling som einingsleir miljø- og velferdstenester er ledig frå 01.03.2021.

Eininga er organisert under helse- og sosialetaten og du vil ha kommunalsjef som næraste leiar. Du er ein del av helse og sosial si leiargruppa ilag med dei 3 andre einingsleiarane samt leiarane for barnevernteneste, flyktningteneste og NAV. Eininga har 4 avdelingar: avdeling psykisk helse og rus, arbeidssenter og 2 ulike avdelingar innanfor tenester til funksjonshemma, her under avlastningsbustad. Kvar avdeling har eigen avdelingsleiar.

Einingsleiar har kontorstad ved Stryn omsorgssenter.

Arbeidsoppgåver

Som einingsleiar har du det overordna ansvaret for:

  • Personal
  • Budsjett
  • Tenesteproduksjon i di eining, her under beredskapsarbeid og internkontroll.

Einingsleiar har ansvar for at tenestene er av god kvalitet og i henhald til gjeldane lover og reglar.

Einingsleiar er medlem av tildelingsnemnda der du er med å tildeler kommunale tenester. Du vil vere leiar for koordinerande eining i kommunen, og ha eit særskilt ansvar for heilskapleg og tverrfagleg tenesteyting. Vidare har einingsleiar ansvar for tenesteyting til barn og unge med behov for pleie- og omsorgstenester, samt rolle som fagleg ansvarleg i høve tvang etter HOL kap 9.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på høgskule og/eller universitetsnivå
  • Leiarutdanning
  • Leiarerfaring kan erstatte formell utdanning men då med krav om å ta leiarutdanning
  • Relevant erfaring frå drift av større organisasjonar/verksemder samt forståing og interesse for fagområdet
  • Kjennskap til kommunal drift og budsjettarbeid er ein fordel
  • God digital kompetanse
  • God munnleg og skriftleg språkkunnskap

Personlege eigenskapar

  • God rolle-, system og organisasjonsforståing
  • Oppdatert kunnskap om nasjonale mål og relevante lover og forskrifter
  • God forståing for økonomi- og budsjettarbeid, samt rapporteringsarbeid
  • God forståing av systematisk plan- og forbetringsarbeid
  • Fokus på brukarmedverknad og involvering i tenesteytinga

 

Dine personlege føresetnadar tilseier at du kan:

  • Engasjere og motivere dei tilsette til å yte gode tenester med optimal kvalitet
  • Samarbeide på tvers av avdelingar og områder for utvikling av eit godt tenestetilbod
  • Ta initiativ og initiere faglig utvikling i eininga
  • Utvikle tenestene i tråd med nasjonale og lokale planar og strategiar
  • Tileigne deg nyttig erfarings- og forskningsbasert kunnskap og kunne vidareføre i eit heilskapleg utviklingsperspektiv
  • Leie eininga gjennom endringsprosessar

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Spennande, mangfaldige og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Kompetente kollegaer i godt arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning

HR-/Personalsjef

Stryn har om lag 7200 innbyggjarar og ligg i inste delen av Nordfjord. Vi har eit aktivt og utviklingsorientert næringsliv, der både reiseliv og industri er mellom dei fremste i landet på sine område. Stryn kommune har i overkant av 800 tilsette fordelt på 563 årsverk. Kommunen har ein ambisjon om å vere ein attraktiv arbeidsplass med fokus på å rekruttere, utvikle og halde på dei beste medarbeidarane. Stryn kommune vart i 2019 kåra til den 5. beste kommunen i Noreg på kommunebarometeret.

Vår noverande Personalsjef går av med pensjon 31.12.19 og vi søkjer:

HR-/Personalsjef til Stryn kommune

Du som ny HR-/Personalsjef vil få ei nøkkelrolle i å vidareutvikle Stryn kommune som kompetanseorganisasjon i åra som kjem. Du får ein sentral strategisk rolle, inngår i rådmannen si leiargruppe og er ein viktig støttespelar for rådmann, kommunalsjefar og einingsleiarar.

Ansvarsområdet er kommunen sin overordna arbeidsgjevarstrategi og personalpolitikk, samt den operative leiinga av kommunen si personalavdeling.

Personalavdelinga leverer tenester til heile den kommunale organisasjonen. Avdelinga vart oppretta 1. januar 2019. Vi samla då kompetansen som tidlegare var spreidd i sektorane i ei stabsavdeling med 3,8 stillingar. Dette er ein konsekvens av at fagområdet er i utvikling frå tradisjonelt personalarbeid til eit HR-fokus der utvikling av vår viktigaste ressurs, medarbeidarane, blir stadig meir sentralt.

Andre arbeidsoppgåver til personalstaben er å administrere og halde kontakten med tilitsvalde, vernetenesta og lærlingeordninga. HR-/Personalsjefen er også sentral i arbeidet knytt til lønsoppgjer og forhandlingar.

Vi søkjer ein medarbeider som kan utvikle organisasjonen Stryn kommune som tenesteleverandør og vere ein pådrivar i bruk av ny teknologi, samt å ha fokus på organisasjonsutvikling og metode for å nå framtidige mål

Arbeidsområde:

  • Leie og vidareutvikle personalstaben. I dette ligg fullt fag-, personal- og økonomiansvar
  • Strategisk planlegging, utvikling og rådgjeving innan HR-/Personalområdet
  • Samarbeid med bedriftshelseteneste
  • Delta i og initiere utviklingsarbeid i kommunen

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsgjevarstrategi
  • Organisasjonsutvikling
  • Leiing/leiarutvikling og -oppfølging
  • Kompetanseutvikling og rekruttering
  • Lønspolitikk og lønsforhandlingar
  • HMS og nærværsarbeid
  • Lover, reglar og rutinar innan fagområdet
  • Bistå ved konflikter og arbeid med psykososialt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Utdanning på masternivå relevant for fagområdet. Kandidatar utan master kan bli vurderte om dei har anna relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå og særskilt relevant praktisk erfaring
  • Solid erfaring innan HR-/Personalfunksjon, gjerne frå kommunal eller annan offentleg sektor. Bakgrunn frå strategisk og operativt arbeid innan fagområdet er ønskjeleg
  • Gode relasjonelle ferdigheiter i møte med leiarar, tilsette og tillitsvalde

Personlege eigenskapar

  • Godt humør og vilje til å delta i å skape ein god arbeidsplass
  • Strategisk og analytisk, men ikkje i så stor grad at det går utover evnen til å iverksette og levere
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Sjølvstendig, drivande og utadvendt men med evne til samarbeid og respekt for at andre kan ha rett
  • Samlande og truverdig som leiar

Vi tilbyr:

  • Spennande leiar- og utviklingsutfordringar
  • Ei strategisk leiarstilling med stor påverknadskraft i ein organisasjon i utvikling
  • Ein sentral plass i ein organisasjon med dyktige og krevjande medarbeidarar og leiarar
  • Løn etter avtale. Gode pensjonsvilkår og eit til tider hektisk, men ordna arbeidsmiljø

Arbeidsstad kommunehuset. Stillinga rapporterer til rådmann.

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål kan alternativt sendast pr post (vil ikkje bli returnert)

Søkjarane er som hovudregel offentlege og det er strenge kriterie for å bli unnateke, jf.  offentleglova §25. Dersom du ønskjer å reservere deg frå offentleg søkjarliste må du grunngje det i søknaden.