Tag Archives: toppleder helse førde

Økonomidirektør

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,9 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Økonomidirektør – Helse Førde HF / Økonomiavdeling

Vi søkjer ein dyktig økonomidirektør som skal ha det overordna ansvaret for økonomistyring og rapportering. Den rette personen vil få ei heilt sentral rolle i å medverke til vidare utvikling av organisasjonen og til effektiv og god drift.

Arbeidsoppgåver

  • Leiing av Økonomiavdelinga
  • Ansvar for / deltaking i etablerte prosessar, rutinar og prosedyrar innan økonomiområdet i føretaket
  • Vidareutvikle system og rutinar for god styrings- og leiingsinformasjon.
  • Koordinere og leie budsjettprosessar og andre prosessar mellom anna knytt til vidareutvikling av økonomifunksjonen i føretaket
  • Deltaking på samordningsarenaer i konsernet
  • Månadleg rapportering, og analysar av verksemda og utvikling
  • Gi råd og støtte til Administrerande direktør og Føretaksleiinga

Kvalifikasjonar

  • Høgare relevant utdanning, gjerne siviløkonom eller Master i Økonomi og leiing
  • Erfaring frå leiande stilling
  • Røynsle frå endrings- og utviklingsarbeid

Utdanningsretning

  • Økonomi / Rekneskap

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad

Personlege eigenskapar

  • God på kommunikasjon
  • Strategisk og initiativrik
  • God gjennomføringsevne
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Språk

  • Norsk

Vi tilbyr

  • Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø
  • Store moglegheiter til å påverke viktige utviklingsprosessar i organisasjonen
  • Høve til fagleg og personleg utvikling og læring
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter avtale